Flyfoto av anlegget der man ser både betongparken og parkouranlegget
Flyfoto av anlegget hvor hele parkouranlegget er i fokus.
Bilde av brukere i parkouranlegget. Monge barn klatrar rundt i elementa.
Bilde som visar hvilket strålande samlingsstad anlegget har blitt. Her kan man sjå mange innbyggjarar nytte anlegget til å vere sosial.

Gropo aktivitetspark

Med eit rikt mangfald av ulike element for aktivitet, har innhaldsrike Gropo aktivitetspark blitt eit kjærkome tilbod for heile befolkninga på Stord. Her er det plass til alt frå parkour til musikalske framvisingar: Anlegget har både ein heilt fantastisk akustikk og openheit for aktivitet.

Anlegget er anbefalt av Kultur- og likestillingsdepartementet, som ein del av prosjektet Nyskapande aktivitetsarenaer.

Artikkelen om Gropo aktivitetspark er skrive gjennom eit samarbeid mellom Tverga og Gode idrettsanlegg, der Tverga har innhenta informasjonen frå Stord kommune. Anlegget vart fyrst skrive om og publisert av Tverga. Heile artikkelen deira kan du lese på Inspirerende anlegg: GROPO aktivitetspark (tverga.no).

Bakgrunn

Gropo aktivitetspark skal skape aktivitet: Det er nett dette som ligg til grunn for etableringa av parken. Det heile starta i 2017, då kommunane Stord og Fitjar oppretta folkehelseprosjektet 16, ka no?  Prosjektet har som mål å utvikle tenester og arenaer som framstår attraktive for barn og unge mellom 0-24 år, med særleg fokus på 16-åringane. Overgangsfasen mellom ungdomsskole og vidaregåande kan vere krevjande, og dei to kommunane såg behovet for å iverksette tiltak for å styrke den psykiske helsa og drive meir rusførebygging. I tillegg fanst det spesifikke ynske om eit skateanlegg i Leirvik, kommunesenteret på Stord. Kulturskulen på Stord, som har ein eigen parkour-linje, hadde også eit stort ynske om eit betre utandørsanlegg for å drive parkour.

Omfattande tiårig satsing

Folkehelseprogrammet 16, ka no?  er ein tiårig satsing (2017-2027), og fram mot 2027 er eit av måla å innhente kunnskap om kva dei unge innbyggjarane treng, og korleis ein kan skape sunn og frisk aktivitet for aldersgruppa 0-24 år. Funna som er gjort til nå har mellom anna avdekkja desse manglane:

  1. Kommunen treng ein stad der lag og organisasjonar kan vise fram tilbodet sitt i levande live.
  2. Det manglar ei nettside med aktivitetskalender og oversikt over lag og organisasjonar.
  3. Dei unge treng ein møtestad i sentrum med ulike aktivitetar, inkludert ein skatepark.

Stord kommune har jobba vidare med alle tre punktane, og eit av tiltaka er Gropo aktivitetspark. Det vart søkt om middel for nyskapande aktivitetsarenaer i november 2020 og rulleparken vart tatt i bruk allereie august 2021. Heile parken vart opna med brask og bram i mai 2022.

Anlegget

Aktivitetsparken er lokalisert i sentrum av Leirvik, tett knytt til kulturhuset, kulturskulen, kinoen, symjebasseng og kjøpesenter. Det er både ei gunstig plassering med tanke på å tiltrekke seg brukarar, og for tilkomst til parken, då det er lett å koma til anlegget med sykkel, buss og til fots. 

Brukarane er i hovudsak frå 6-20 år, men ein ser òg både eldre og yngre utøvarar leike seg. 

Rulleparken er utforma med spisskompetanse frå Betongpark AS. Parkourdelen er laga vederlagsfritt av Aker Solutions, etter teikningar utarbeidt av ein parkourinstruktør. I tillegg består parken av:

  • Klatretårn
  • Amfi
  • Samlingsstad
  • Danseplatting
  • Musikkbingar med scene for musikk og andre framsyningar
Bilde av rulleparken til venstre og parkourdelen til høyre.
Gropo aktivitetspark inneheld to hovuddelar: ein rullepark og ein parkourdel. I tillegg finst ein rekkje andre element. Foto: Stord kommune

Prosessen

Eit godt og vellykka samarbeid

Prosessen bak etableringa av aktivitetsparken er eit godt døme på korleis kommunen kan lukkast i å skapa attraktive tiltak ved å jobba saman med frivillige organisasjonar, næringsliv og brukarane. Ved å setje ned ei arbeidsgruppe beståande av personar frå fleire brukargrupper, fekk ein inn mange gode innspel, og sikra at ein tok omsyn til alle behov. Saman skulle arbeidsgruppa utarbeide tiltak for aktivitet i fritida, med forankring i funna frå 16, ka no?

Prosjektet fekk ein skikkeleg kickstart då det vart tildelt 300 000 kr frå SR-Bank. Då kunne ein starte å drøfte korleis ein kunne nytte desse pengane best mogeleg, basert på dei prioriterte tiltaka. Gruppa hadde møte med ulike personar i kommunen som jobba for at ungdom skulle ha ei meiningsfull fritid. I prosessen kom det fram at Stord kommune tidlegare hadde fått 500 000 kr i tilskot til ein klatreinstallasjon, og at det var søkt om 600 000 kr i spelemiddel til eit parkour- og klatreanlegg. Desse midla var enno ikkje brukt. Ein vart då samde om å jobba vidare med alle planane samla, og peika ut eit område ved Stord kulturhus som aktuell lokalisering.  

Lokalt engasjement

Lokalavisa laga ei sak om planane, og denne artikkelen skapa positivt engasjement i bygda. Fleire eldre skatarar, klatrarar, og parkourentusiastar engasjerte seg, og nokon av dei blei invitert med i arbeidsgruppa. 

Kommunen såg raskt at dei hadde etablert ei kreativ og positiv arbeidsgruppe som våga å tenkje stort, og å sjå mogelegheiter og ikkje avgrensingar. Arbeidsgruppa henta inn informasjon frå andre tilsvarande prosessar og fekk nyttig kunnskap om etablering av aktivitetsparkar. 

Medverknad er ein føresetnad for å lykkast

Det var avgjerande for heile prosessen med god medverknad frå dei unge sjølv. Arbeidsgruppa hadde kunnskap om at ungdommane ynskte ein møteplass i sentrum og kva aktivitetar dei ynskte at han skulle innehalde. Korleis anlegget kunne verte den møteplassen ungdommen sjølv ynskte, var derimot framleis uklart. Av den grunn inviterte dei til ungdomsmøte, med håp om å både å få innspel til arbeidet og å skape engasjement og eigarskap hjå dei unge. Det blei invitert breitt på sosiale medium, delt ut informasjon på skulane og sendt ut pressemelding i lokalavisa. I tillegg hadde arbeidsgruppa stand på fritidsmessa.

Trass brei promotering var det berre få påmelde nokre dagar før arrangementet. Arbeidet vart difor intensivert, og ungdommane vart oppsøkt meir aktivt. Utekontakten gjorde eit viktig arbeid med å invitere ungdommar, og oppmoda ungdommane om å invitere med seg fleire. Dei fekk med seg nokon sentrale ungdommar, som igjen fekk med seg fleire. Resultatet var at det kom 20 ungdommar, i tillegg til ti vaksne frå arbeidsgruppa, utekontakten og inviterte eldsjeler. Det var ein omfattande jobb å få ungdommane til å møta, men resultatet vart bra.

I møtet fekk deltakarane kort informasjon om prosjektet 16, ka no? I tillegg vart skisse over området og idear som hadde kome inn presentert. Det vart vidare orientert om at var ynskt å etablere ein rulleklubb, og at ungdommane tok eigarskap til arbeidet med parken gjennom deltaking i klubben.

Hovuddelen i møtet var ein dialogkafé, der deltakarane drøfta fire spørsmål:

  1. Kva vil du at ein møteplass i sentrum skal innehalde?
  2. Korleis bør utforminga av ein skate- og parkourpark sjå ut?
  3. Kva er viktig å tenkje på for at møteplassen skal verte ein kjekk sosial plass for ungdom?
  4. Kva trur du skal til for at møteplassen skal verte brukt? 

Stort engasjement og stifting av rulleklubb

Spørsmåla skapa stort engasjement og store forventingar hjå ungdommane. Arbeidsgruppa fekk mange gode innspel og fleire vaksne som ynskte å engasjere seg i prosjektet. Lokalavisa var til stades under møtet og skreiv ei positiv sak i etterkant. Dette skapa igjen positivt omdøme i lokalmiljøet. 

Den 31.08.22 vart det gjennomført stiftingsmøte for rulleklubben, der det vart laga vedtekter og valt styre. Ein av deltakarane i arbeidsgruppa vart medlem i styret. Nett det har vore positivt for å ta omsyn til alle behov, og sikre eit anlegg som faktisk vert nytta. 

Bilde av skatere i alle aldre frå opningsdagen
Ein av suksessfaktorane har vore at det blei oppretta ein rulleklubb samstundes som anlegget blei finansiert. Biletet er frå opninga, der skatarar i alle aldrar kosa seg i det nye anlegget. Foto: Stord kommune

Finansiering og medverknad, hand i hand

Etter ungdomsmøtet vart det jobba vidare med ulike skisser og skriving av søknadar. Mellom anna blei det søkt om fire millionar kroner frå Kulturdepartementet si tilskotsordning for nyskapande aktivitetsarenaer. Rulleklubben bidrog med søknader til tilskotsordningar for frivillige lag. Det vart også etablert eit samarbeid med hjørnesteinsverksemda Aker Solutions, som bidrog med stål og arbeid til parkouranlegget.

I desember 2020 vart heile søknadssummen frå Kulturdepartementet innvilga. Dette tillét bygging av heile det skisserte anlegget arbeidsgruppa drøymde om. I realiseringsprosessen vart det arrangert fleire møte med Betongpark AS, som designa betongparken. Her vart både ungdommar og vaksne frå rulleklubben med, og rulleklubben delte skisser med medlemmane sine for å få tilbakemeldingar på utkasta. Målet var å lage det beste designet ut i frå areal, kostnad, bruk og dugleiksnivå på brukarane. Prosessen vart oppfatta som svært ryddig og god. 

Vinteren gjekk med til søknad om byggjeløyve, konkurransegrunnlag, politisk sak og søknadar om meir pengar. Like før skuleferien 2021 stod betongparken klar til bruk og han vart svært godt besøkt heile sommaren. 

Meir enn ein betongpark, klart for byggjesteg to

Hausten 2021 gjekk med til byggjesteg to, som omfatta musikkbingar, scene, klatreinstallasjon, parkouranlegg, amfi og lys. Vinteren og våren 2022 blei brukt til å utarbeide reglar for parken: Her hadde rulleklubben og utvalde brukarar av parken ei sentral rolle. Det vart også arrangert ein open namnekonkurranse der ungdommar plukka ut fire aktuelle namn som vart stemt over.

Prosjektet fekk raskt positivt omdøme i lokalmiljøet som følgje av dei positive sakene i lokalavisa og medviten fokus på å framsnakke prosjektet. Dette hjelpte truleg til at prosjektet fekk med seg både lokalt næringsliv, administrasjon og lokalpolitikarar i finansiering av parken. I tillegg er det klart at tilskotsordninga til nyskapande aktivitetsarenaer, saman med eit godt konsept og god søknad, var avgjerande for at anlegget kunne realiserast så raskt. Frå å stå med 300 000 kr til tiltak i april 2020, stod eit anlegg til over ni millionar kroner klart i mai 2022.

Offisiell opning av Gropo aktivitetspark var 10.06.22, og sidan har det vore aktivitet i parken døgeret rundt.

Ein suksess

Eina av dei viktigaste suksessfaktorane i prosjektet er at det har vore leia av ei engasjert arbeidsgruppe med trua på prosjektet heile vegen. Arbeidsgruppa har hatt fokus på medverknad, å våge å drøyma og samarbeid. Det var vidare avgjerande at fleire ulike planar blei slått saman og forankra i prosjektet. Etableringa av rulleklubben var viktig, og ikkje minst at ein i lytta til ungdommane sine ynsker og innspel. 

Under kan du sjå video frå opningsdagen:

 

Positive og negative erfaringar

Positive erfaringar

  • Medverknad frå ungdommane har vore veldig viktig, og har gjeve eit anlegg dei har ynskt seg og faktisk nyttar.
  • Samarbeid mellom kommune, næringsliv og frivillige lag og organisasjonar.
  • Mange ulike aktivitetar i parken. Det gjev eit mangfald av brukarar.
  • Plasseringa. Anlegget ligg godt plassert med tanke på offentleg kommunikasjon, nærleik til andre kulturtilbod, toalett, butikkar og skular. I tillegg gir plasseringa god nærleik til vaksne. 
  • Eit lokalt firma, som i si tid bygde Kulturhuset, hadde totalentreprise på alt utanom sjølve rulleparken.

Dette kunne vore betre

  • Det blei ikkje lagt godt nok til rette for søppelhandtering. Erfaringane frå opninga tilseier at brukarane av anlegget “produserer” mykje søppel. Dette var ikkje arbeidsgruppa førebudd på. 

Økonomi og finansiering

Kostnad

Anlegget har kosta kring 9,5 millionar kroner, og i tillegg har det fått mykje materiell og mange gratistimar arbeid utført av Aker Solutions. Verdien av anlegget er såleis noko høgare enn den betalte summen.

Finansiering

Anlegget har tatt i mot følgjande finansiell støtte:

  • 4 000 000 kr frå tilskotsordninga for nyskapande aktivitetsareaner
  • 500 000 kr frå Sparebank 1 SR-Bank til klatreanlegg
  • 300 000 kr frå Sparebank 1 SR-Bank til møteplass i sentrum
  • 200 000 kr frå Sparebanken Vest/Rulleklubben
  • 1 900 000 kr i refusjon av meirverdiavgift
  • 2 600 000 kr frå eigenkapital

Drift

Anlegget har årleg driftskostnad kring 100 000 kr. Delar av dette finansierast gjennom innsamling av flaskepant, organisert av rulleklubben. I tillegg får ein inn litt inntekter frå utleige av musikkbingane. Likevel, i det store og heile er det gratis å nytte anlegget, og kommunen tar størstedelen av driftskostnadane.

Av driftsoppgåver inngår rydding og kosting, som begge delar utførast av brukarane. Betongparken må påførast ny membran kvart andre år. Utover dette førekjem det lite anna driftsarbeid. Ettersom den grasplenen som tidlegare låg på tomta er erstatta av betong, kunstgras og fallunderlag, kan meir tid heller nyttast til anna driftsarbeid andre stadar i kommunen. 

Nøkkelpunkt

Gropo aktivitetspark har blitt eit fantastisk anlegg som nyttast heile dagen, heile året. Det aller beste ved anlegget er:

  • Det har blitt ein sosial arena for dei unge i kommunen.
  • Anlegget legg til rette for uorganisert aktivitet.
  • Mange ulike aktivitetar er inkludert.
  • Lokalt engasjement i bygging og utforming.
  • Kort prosess.
  • Ungdommane sine ynsker har vorte innfridd.

Særleg mangfaldet har gjort parken til ein suksess: Parken inneheld mellom anna ein musikkgrop. Her er akustikken nydeleg i høve framføring av mindre konsertar. Det at nær alle kan møtast og finne noko dei likar er viktig, og kommunen ser at særleg ungdom møtast og opplever fellesskap gjennom uorganisert aktivitet i anlegget. Engasjement frå ungdommen og kort tid frå planlegging til ferdig bygd park er også suksesskriterium. 

Les meir/ referansar

Artikkelen om Gropo aktivitetspark er eit samarbeidsprosjekt med Tverga, der Tverga har henta inn informasjonen frå Stord kommune. Vi i Gode idrettsanlegg takkar så mykje for samarbeidet.

Om du vil lese meir om reglane som vert praktisert i anlegget, kan du nytte følgjande lenke:

Reglar for bruk av Gropo aktivitetspark - stord.kommune.no