Utsiden av anlegget på vinterstid. Foto: Humberset foto
Heile speleflata. Her er ein av teleskoptribunane dratt ut. Foto: Humberset foto
Aktivitetssalen. Her der det ikkje merka opp på golvet, så rommet er svært alsidig. Foto: Humberset foto
Gymsal med parkett og bukk. Heile speleflata. Foto: Humberset foto
Klatreveggen med ei utøvar i veggen. Heile speleflata. Foto: Humberset foto
Buldrearealet. Ei jente nyttar anlegget. Foto: Humberset foto
Kiosken sett forfra, med stor disk og kjøleskap. Foto: Humberset foto
Kjøkken som ligg bak ein av kioskane. Her er det stor plass, mange skuffar og god plass på kjøkkenbenken. Foto: Humberset foto
Rett ved inngangen finst det låsbare skap. Foto: Humberset foto
Eit av møteromma, med TV, brod og stolar. Foto: Humberset foto
Parkeringsanlegget under hallen. Foto: Humberset foto
Spinningrom med ein rekke syklar. Foto: Humberset foto
Styrekrom med mange apparater, der i blant frivektar og benkpress. Foto: Humberset foto

Volda Campus SpareBank 1 Arena

Frå liten til eliten

Volda Campus SpareBank 1 Arena har blitt heile Voldas storstove, og ein perfekt arena for handball og volleyball. Her inne går idrettane hand i hand, og dei to klubbane KFUM Volda volleyball og Volda Handballklubb har teikna og utvikla heile prosjektet frå A til Å. Det er ein av grunnene at hallen har blitt særs vellykka, der den har møtt alle klubbanes behov. Hallen rommar også eit klatreanlegg, samt sosiale samlingsplassar og fleksible rom. Anlegget er tilrådd av Noregs Volleyballforbund.

Bakgrunn

Allereie rundt 1990-talet vart det konkludert med at den opphavelege Voldahallen var for liten for all aktiviteten i bygda, særleg med tanke på handballmiljøet, volleyball og skulane. Grunnskulane i sentrum, frå 1.-10. trinn, måtte dele på to gymsalar, der den nyaste var frå 60-talet. I tillegg blei det i 2018 bygd ny barneskule utan gymsalar, så behovet for ein ny hall var skrikande.

Hallproblema var også store hos Volda Handballklubb og KFUM Volda Volleyball. Dei hadde begge store problem med å starte nye treningsparti, og klarte ikkje å vidareutvikle klubbane sine på grunn av lite tilgjengeleg treningstid. Volda handball og KFUM Volda Volleyball hadde på dette tidspunktet trening i 5-6 forskjellige lokale, noko som også gjorde utstyrslogistikk krevjande, samt var ein stor påkjenning for frivilligheita.

Klubbane måtte sjølv ta initiativ

Ettersom behovet for ein ny hall hadde vært til stede over lang tid, hadde to ulike kommunale hallnemnder jobba med planane dei siste tiåra, utan at noko hadde skjedd. I 2016 blei den tredje kommunale hallgruppa oppnemnt, med formål om å starte arbeidet med realiseringa av ein ny idrettshall i Volda sentrum. Dei vart også satt til å finne gode finansieringsløysingar  for hallen, samt koordinere behova til klubbane. Likevel var det lite som skjedde, og idretten fekk tilbakemelding om å ta meir ansvar.

Den tredje hallgruppa bestod av personar frå kommunen, samt klubbane Volda Handballklubb og KFUM Volda Volleyballklubb. Volda HK sin medlem i gruppa, Johnny Kragset, fekk vite at tomta på Joplassen kunne vere til sals, og Johnny tok då initiativ overfor Volda handball og KFUM Volda Volleyball til å stifte Volda Campus Arena AS (VCA) for å kjøpe tomta.

Sparebank 1 Søre Sunnmøre gjekk inn med gåvemidlar slik at VCA AS kunne kjøpe tomta. Volda kommune stilte med forskottering av tippemidlar og garanti på lån i Kommunalbanken.

Basert på ei synfaring på Nadderud Arena leigde VCA AS inn Knut Guldbrandsen som prosjektleiar og Stefan Ekberg som arkitekt. Desse jobba saman med styret i VCA AS, og saman fungerte dei som klubbane si prosjektgruppe. Her var klubbane styrande, der deira behov var rådande.

Ein hall for både breidda og eliten

Primærbehovet for hallen er å dekke behovet til born og unge i Volda kommune, med tanke på kroppsøving og idrettsaktivitet. Samstundes skal den dekke behova Volda Handballklubb og KFUM Volda Volleyball har, der begge idrettslaga har lag på både breidde og toppnivå. På trass av at hallen skal dekke er svært bredt interesseområde, har det vist seg at hallen møter alle krav og ynskjer som låg til grunn, både sportsleg og som brukt til utleige for private arrangement.

Det viktigaste ved hallen som gjer den god for volleyball er takhøgda. Hallen har ei fri takhøgd på 12,5 meter, og er i tillegg svært godt belyst. Hallen har rikeleg med sitjeplassar, og det er gjort mange grep for å sikre god akustikk i hallen, slik at støynivået er på eit lavt nivå. Summen av disse tiltaka har skapt ei flott hall med eit allsidig bruksområde.

Byggestart var juni 2019, og hallen vart overlevert 7. desember 2020.

Anlegget

Anlegget ligg sentralt plassert ved E39 i Volda kommune, med Høgskulen i Volda som næraste nabo. I tillegg er det interne gangvegar til Øyra skule (1.-7. trinn) og Volda ungdomsskule (8.-10. trinn), slik at elevane kjem seg trygt til gymtimane dei har i hallen. Det er Volda kommune som har stått for desse tilfartsvegane. 

Brukargruppa til hallen er særs bred, med alt frå born mellom 6 og 18 år ved dei omkringliggande skulane, til spelarar i alle aldrar på dei aldersbestemte laga. Det er blant anna ei stor gruppe med spelarar over 18 år som spelar i 1. divisjon og elitenivå i både handball og volleyball, samt mange andre ulike grupper som har trening i hallen. Hallen blir blant anna nytta av judo, innebandy, barne- og ungdomsklatring, eldretrim osv. Den brede bruken er mogleg på grunn av ein svært allsidig hall med gode separeringsløysningar.

Oppbygginga av hallen

Volda Campus Arena er eit stort anlegg organisert over fire etasjar, der ein har tre skikkelege etasjar og ein underetasje. I etasjane finst følgjande:

Underetasjen 1U: Her finst parkeringskjellar, lager og tekniske rom. Det er plass til 100 bilar, der tilbodet om parkeringskjellar har vore svært populært. Parkeringskjellar mogleggjer at brukarane kan gå rett inn i hallen frå bilen, i et svært vêrhardt miljø. Her finst det også lader til el-biler.

Fyrste etasje: Det er i fyrste etasje speleflatene er lokalisert, i tillegg til  garderobar, styrkerom, spinningrom, klatrehall, ein mobil teleskoptribune og mange lager. Fyrste etasje er på 4400 kvm, der speleflatene utgjer 2150 kvm av dette. Dette møter dei internasjonale måla for handball volleyball. 

Det totale spelearealet er delt inn i to baner, der desse er organisert slik at innkomst skjer gjennom egne oppvarmingsgangar. Her kan spelarane varme opp, samt at oppvarmingsgangane gir direkte innkomst til begge banene utan å måtte krysse ein av dei. Tilgangen til banene skjer i kvar ende, og sjølve gangen ligg bak teleskoptribuna. Det er ikkje tillate med ballspel i oppvarmingsganga grunna sprinklaranlegg, men gangen er likevel svært nyttig for oppvarming før trening og kamp. Frå gangen får ein tilgang til de to banane:

  • Bane 1 har oppmerking for handball, volleyball, basket og badminton. Her er det tillate å bruke handballklister. Tilgang til bane 1 skjer direkte frå oppvarmingsgangen og garderobeanlegget. Dei som har brukt klister skal vaske hendene i eit eiget klisterrom før dei går inn i garderobane. Klisterrommet er eit slags mellomrom før garderobane, med eigen klistervask og utstyr for å fjerne klisteret slik at dette ikkje blir med vidare rundt i anlegget.
     
  • Bane 2 har oppmerking for handball, volleyball, basket og innebandy, og er klisterfri. Innkomst til bane 2 skjer gjennom oppvarmingsgangen, slik at ein slepp å gå over bane 1. Dei to banene kan altså vere fullstendig separerte, der ein skiljevegg kan bli trekt ned. Det mogleggjer at forskjellige idrettar hende samstundes.
     

Kvar av dei to banene kan delast i to og tre delar. På den måten blir det plass til to handballbaner, seks volleyballbaner, fire basketbaner og to mobile basketbaner, samt landhockey. Hallen kan bli delt i totalt åtte einingar.

Utanom banene finst det ti hovudgarderobar med fem dusjsoner, ni mindre garderobar og 19 lagerrom. Speleflata har også to mobile teleskoptribunar der kvar av dei har plass til 800 personar. Dette mogleggjer store meisterskap, samt er lite plasskrevjande i kvardagen der dei enkelt kan bli skuva inn mot veggen.

Kaltrehallen har eigen inngang, da klatrarar ofte ikkje brukar andre delar av anlegget, og treng ein enkel inngang inn i hallen. Det er Sunnmørsk klatreklubb som driv klatredelen, der buldreveggen har to platå med forskjelleg vanskeleggrad og ein 10 meter høg klatrevegg. Klatreklubben har ca. 800 medlemer, og har også klatrevegg i Ørstahallen.

Fyrste etasje har ei takhøgd på 12,5 meter, som gjer anlegget til den einaste innandørshallen med ei slik fri takhøgd mellom Bergen og Trondheim. 12,5 meter under taket var eit viktig premiss for hallen, der god takhøgd er viktig for å ha ein hall som er tilpassa eliteseriespel i volleyball. Det ville ikkje vore mogleg å halda ved lag eliteseriesatsinga utan slik fri takhøgd.

Andre etasje: Hovudinngangen til hallen er i andre etasje, der brukarane kjem rett inn i vestibylen. Vidare kjem en til eit klubbområde, vrimleareal og tre kioskar. Andre etasje rommar også to faste tribunar med ein totalkapasitet på 240 personar. Tribunane har vore viktige for å kunne arrangere nasjonale turneringar, samt skape samhald og engasjement rundt kampane og treningar. Tribunane blir brukt mykje av foreldre som ser på barna deira vere på trening, og har på den måten skapt samhald mellom foreldra.

Tredje etasje: Denne etasjen blir for det meste nytta av andre aktivitetar, der ein blant anna finnar to allsidige aktivitetsrom for turn og kampsport, samt fire garderobar, lærarrom for Volda vidaregåande skule, medietribune med losje og ein VIP-tribune. Aktivitetsromma har ikkje oppmerking på golvet, og kan med det bli nytta til dei fleste typar aktivitetar. Takhøgda er likevel ganske lav, så her blir aktivitetar som ikkje har behov for høg takhøgd prioritert. 

Sosiale soner

I klubblokalet kan ein finne ein rekke sosiale rom, fire møterom, fire kontor, og toalett. Dei sosiale romma blir ofte nytta i forbindelse med styremøte og sosiale tilstellingar, mens møteromma og kontor er for administrasjonen. 

Større arrangement

Sidan Volda Handball sitt damelag nærmar seg eliteseriespel, er hallen gjort klar for handballkampar på det øvste nivået i Noreg. Da må det blant anna vere tilstrekkeleg tilskodarkapasitet og infrastruktur for TV-overføring. Hallen er lagt opp til å møte dessa krava, der teleskoptribune og fastmontert tribune gir hallen ein publikumskapasitet på 2200 pers.

Konstruksjonsteknisk

Hallen er bygget med ein kombinasjon av prefabrikkerte betongelement og stål som berande konstruksjon. Ytterveggene er kombinasjon av prefabrikkerte betongelement, Paroc sandwichelement og glasfasade. På fasaden utvendig finnar vi royalbehandla trepanel.

Taket er sedumtak, det vil si naturmateriale med plantevekstar på toppen. Sedumtaket ligger på toppen av svenske "Lättelement".

Innerveggene er satt opp med Leca finblokk, samt stålstender kledd med habito gips.

I publikumsareal og gangsoner er lagt gummibelegg. På veggene i hallen er det lydabsorberande bjerkespiler.

Det er installert lys- og lydanlegg som fyller krava til spel i eliteserien for handball og volleyball. Lysanlegget i salen leverer ei total lysmengd på meir enn 3.000 lux, det tredobbelte av ein moderne matvarebutikk. Lyset har tre forskjellige modi, slik at det kan tilpassast forskjellig bruk

Prosessen

Da det vart signalisert frå kommunen at idretten måtte ta meir ansvar viss eit anlegg skulle bli realisert, stifta Volda Handball og KFUM Volda Volleyball selskapet Volda Campus Arena AS (VCA) for å starte prosessen. For å sikre tilstrekkeleg kunnskap ble Knut Guldbrandsen leigd inn som prosjektleiar med byggfagleg kompetanse, der han gjennom sitt verv som tidlegare fleirårig leiar av Haslum handball hadde kompetanse på både drift av idrettslag, og erfaring med bygging av både Nadderud Arena og Gjønneshallen. Disse to hallene er svært gode, og Nadderud Arena har vore den viktigaste inspirasjonskjelda til anlegget. Knut har også vore entreprenør før han vart pensjonist, så han hadde av den grunn rikeleg med den kunnskapen klubben trengte.

Brukarinvolvering

Klubbane har vore tungt involvert i prosjektet under hele fasen, da dei står som eigarar av både hall og selskapet bak, VCA AS. Tidleg i prosjektfasen vart det også invitert til ope innspelsmøte for andre brukarar og befolkninga i bygda. Innkomne innspel blei så tatt med vidare i prosessen. Eit godt eksempel på  brukarinvolvering er kioskane i hallen. Desse er teikna av kioskgruppene i idrettslaga, da det er kioskgruppene som veit best kva dei treng, og korleis utforminga bør vere. Den same filosofien blei nytta for styrkeromma, der desse blei utforma av Volda vgs. sin avdelingsleiar for kroppsøving, i tillegg til at styrketrenarane for elitelaga var involverte.  

Brukarinvolveringa har fungert særs godt, og har gitt et anlegg der det har blitt gjort få modifikasjonar i ettertid.

Økonomi og finansiering

Anlegget blir eigd 50-50 av klubbane gjennom VCA AS. Anlegget har vore svært kostbart å bygge, og har av den grunn kravd betydelege midlar frå klubbane. Økonomisk er klubbane si investering sikra av ein sponsoravtale med den lokale banken SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Avtalen gir sikkerheit for betaling av lånekostnader til tomtekjøpet, og på grunn av storleiken på avtalen har ho gitt det offisielle namnet på anlegget- Volda Campus SpareBank 1 Arena.

For å realisere anlegget var det behov for betydelege bidrag, der lokalsamfunnet har måtta stille opp. Sparebanken Møre og Sparebanken Vest har bidrege med 1 million kvar, samt at andre bedrifter også har stilt opp.

"Folkeaksjen" skapte engasjement

I tillegg til lokale bidrag starta VCA AS opp prosjektet «folkeaksjen». Dette er ein aksje vanlege personar kunne kjøpe i prosjekteringsfasen, og på den måten bidrar dei til å finansiere drifta av anlegget ved at dei "eiger" ein liten del av hallen. Dette har gitt betydelege midlar, og var ein populær ordning som skapte blest og interesse om anlegget.

Gode leigeavtalar med kommunen

Ein av dei viktigaste inntektskjeldene er kommunale tilskot og leigeavtalar. Volda kommune gav eit investeringstilskot på 30 millionar til anlegget, og er også største leigetakar. VCA AS har ein fast leigeavtale med Volda kommune der omkringliggjande skular kan bruke anlegget, spesielt Nye Øyra Barneskule som ble bygget utan gymsal. Mykje av dei midlane kommunen hadde satt av til ein gymsal ved Nye Øyra har heller blitt brukt i denne hallen. I tillegg leigar Møre og Romsdal fylkeskommune hallen for bruk av Volda vidaregåande skule.

Hallen er også tenkt brukt som konsertarena, der dette vil gi betydelege inntekta. Andre private aktørar bidrar også med betydelege leigebeløp.

Total kostnad for hallen har vore 190 MNOK, eks. MVA.

Drift

Hallen har eit totalareal på 11.200 kvm, som gjer at berekraftige oppvarmingsløysningar var ein nødvendigheit for at driftskostnadane ikkje skulle bli uhandterleg store. Derfor har det blitt gjennomført en rekke tiltak, blant anna jordvarme. Det er bora 15 brønnar ned til 130 meter, som gir ein kostnadsfri og jamn straum av varme. 

Hovudoppvarminga er vassboren varme i kombinasjon med luft. Dette gir bygget verifisering i energiklasse A, og er med på å senke energiutgiftene betydeleg. Å skulle varme opp anlegget utan desse tiltaka ville vore umogleg, med kostnader langt over det eit idrettslag kan klare.

Taket er tekka med sedum, noko som gir ei grøn overflate. Sedumen fungerer som fordrøying av takvatn til drens, og blir ei grøn lunge i sentrum, som også er insektsvennleg.​​​​​​

VCA AS har innleidd firma til reinhald, mens anna drift i stor blir gjort av vaktmeister og på dugnad. Vanleg vedlikehald knytt til bruk og slitasje blir gjort på dugnad, men drift av teknisk karakter ligg under oppgåvene for vaktmeistaren. 

Driftskostnadane er ca. 3,9 millionar i året, som dekkes inn av leigeinntekter og sponsorgåver. Om ein ikkje hadde gjort mye vedlikehald som dugnad, ville driftskostnadene vore langt høgare.

Nøkkelpunkt

Volda Campus Arena har blitt eit godt anlegg på grunn av:

  • Heile anlegget har vore prosjektert, teikna av idrettslaga som eigar hallen. Her har klubbane komme med innspel under heile prosessen, som har gitt eit anlegg tilpassa deira behov. Det at anlegget er privat og eiges av dei to klubbane har lagt til rette for ein slik medverknad, men dette burde også vere eit fokusområde i kommunale prosjekter. Innspelsmøta med andre aktørar og brukarar har også vore verdifullt, og gitt ein brukarmedverknad på 100%.
  • Energibrønnar er eit godt tiltak, og gir vesentleg lågare kostnadar til oppvarming, enn til dømes elektrisitet frå el-nettet.
  • Gratis WiFi i heile hallen gjer at hallen har blitt ein tilhaldsstad for born og unge, og ein hall dei er glade i. Det gir mindre herverk, og har innverknad på brukarmønsteret, der brukarane nå er i hallen utover tida dei er på trening.
  • Tilrettelagde sosiale område der ungdomen kan sitte å gjere lekser mellom skule og trening. Dette er svært populært, og blir særleg brukt av dei elevane som går idrettsfag på vidaregåande.
  • Ein god del av drift og vedlikehald blir utført på dugnad av medlemer i eigarklubbane, noko som gir lågare driftskostnadar. Dette hadde neppe vore mogleg om kommunen eigde hallen.
  • Ulike rom i hallen gir veldig variert bruk, gjennom heile døgnet.