Sentralt i Ørsta er eit allereie godt fasilitetstilbod nå nærast komplettert med ny skatepark og treningspark. Aktivitetsparken tilbyr trening for alle: Alt frå glade mosjonistar til idrettsutøvarar, samt dei som vil leike seg i skateanlegget. Aktivitetsparken tiltrekker seg også brettmiljøet på nordvestlandet, og skuleelevar som brukar parken i friminutt og på fritida. Anlegget er tilrådd av Brettforbundet.
Bakgrunn
Skatemiljøet i Ørsta hadde tidlegare ikkje hatt ein eigen sentrumsnær stad å utfalde seg. Den kommunale fleirbrukshallen Ørstahallen vart offisielt opna januar 2019, og området rundt hallen besto av både grusbane og haugar med tilsådd plen. Ettersom skatemiljøet aldri hadde hatt et sentralt og dedikert område for aktiviteten sin, opna moglegheita seg for eit anlegg i plenane i umiddelbar nærleik til Ørstahallen.
Ørsta kommune tok initiativ til å realisere prosjektet, medan ein lærar ved Ørsta ungdomsskule la til rette for at elevar fekk medverke til utforminga av parken.
Anlegget
Anlegget består av ein skatepark og ein treningspark. Heile anlegget vert samla kalla Ørsta aktivitetspark.
Skateparken på 900 m2 består av 16 ulike skateelement. Ettersom det allereie fanst eit par skateanlegg i regionen, ynskte Ørsta brettklubb eit annleis anlegg som kunne supplere det eksisterande tilbodet. Dermed vart det valt å byggje eit såkalla "street flow"-anlegg. Her er det god plass mellom elementa, og parken innbyr til meir flyt mellom dei. Vanlegvis ynsker ein mest mogleg element på gitt areal nå ein byggjer ein skatepark, men det var ikkje fokus her. Skateparken vart derimot utforma for å etterlikne offentlege områder og parker. Slike områder er gjerne ettertrakta område for skating, men mange av dei er korkje meint for skating eller lovlege å nytte til skating.
Treningsparken på 500 m2 består av:
- Trampolinar
- Apparat for eigenvekttrening
- Balanseplanke
- Ergometersykkel
- "Cross training combi 3" (treningsapparat med mange funksjonar)
- "Supernova" (leikeapparat som er bra for motorikk og balansetrening)
- Karusell med tre seter
Anlegget er belyst og har to ladestolpar for mobiltelefon.
Aktivitetsparken ligg på nordsida av Ørstahallen i Ørsta sentrum. Ørsta ungdomskule er næraste skule, men også Ørsta vidaregåande skule og barneskulen Velle skule ligg i nærleiken. Dette gjer at elevane kan nytte aktivitetsparken i friminutta, og lærarane kan nytte han til kroppsøvingstimar og fysisk fostring. Ei innteikna og oppmerka løype på 100 meter legg til rette for å bruke treningsparken i t.d. matematikk (t.d. spring 30 m – 10 m + 20 m osv.).
Sitteplassar (hangouts) gjer det mogleg å nytte området som uteklasserom for skulane, og ikkje minst barnehagar i nærområdet.
I tillegg vert området mykje brukt av eldre personar, samstundes som dei er der i lag med ungar som driv med andre aktivitetar.
Prosessen
Arbeidet på anlegget vart starta sommaren 2020, og aktivitetsparken vart offisielt opna 16. desember same år. Ørsta kommune har vore byggherre og prosjekteigar. Ørsta kommune klargjorde området til bygging og utførte grunnarbeidet, medan Betongpark AS designa og leverte parken.
I ettertid er det vurdert at det hadde vore ein fordel å dele opp entreprisen i kvar sine fagfelt (treningspark, skatepark og tilstelling). For hovudentreprenør vart det mange underentrepenørar som ikkje hadde kompetanse om treningsapparat. Ørsta kommune hadde tre personar som styrte prosjektet og tok avgjerder knytt til kostnadar og økonomi. I tillegg var det tre personar som bidrog med verdfull kompetanse knytt til fagområda for aktiviteten. Desse ytte ein kjempeinnsats.
Grunna kaldt vêr ved ferdigstilling vart gummidekket i treningsparken delvis øydelagt våren 2021. Dette var ei reklamasjonssak som vart utbetra i løpet av få dagar i mai 2021.
Nødvendig kompetanse vart innhenta undervegs i prosessen. Både Betongpark AS, skatemiljøet og ikkje minst kroppsøvingslærarar ved Ørsta ungdomskule og Velle skule bidrog med verdifull kompetanse. Skulane og Ørsta Brettklubb var også sentrale då behovane vart kartlagt, og skulane hadde representantar som samarbeidde med kommunen i utviklinga av prosjektet.
Det vart stor suksess å leige inn entreprenør for å klargjere grunnen før tilbydarar hadde lagt inn pris. Dette fjerna ein del uvisse kring grunnkostnadar og opparbeiding av arealet. I tillegg fekk kommunen nytta store delar av uttekne masser til andre prosjekt. I tillegg ser ein som nevnt at det hadde vore ein fordel å dele opp resten av entreprisen i kvar sine fagfelt (treningspark, skatepark og tilstelling).
Økonomi og finansiering
Anlegget kosta totalt 7,1 MNOK + mva. Dette vart finansiert gjennom:
- Spelemidlar
- Tettstadprogrammet til Møre og Romsdal fylkeskommune
- Sparebanken Møre
- Festivalen "X2"
- Ørsta kommune
- Innsamlingsaksjon på Spleis.no
I tillegg er ladestolpane sponsa av Vik Ørsta og Elektroservice.
Drift
Viktig vedlikehald er å jamleg sjekke at apparata er i orden. Dette gjeld særleg bevegelege delar, skruar, kjettingar osv.
For trivselen er det viktig at området er reint. Parketaten ryddar difor søppel og tømmer søppeldunkar kvar veke. I sesong vert dette gjort minst to gongar i veka. Dette reinhaldet/vedlikehaldet er sentralt for at parken skal være både trygg og triveleg å bruke.
Nøkkelpunkt
Anlegget er unikt i den forstand at det legg til rette for eit breiare fritidstilbod for uorganisert fysisk aktivitet i kommunen. Anlegget inviterer til fysisk aktivitet basert på leik. Dette tilbodet for uorganisert aktivitet er lokalisert i nærleiken til den organiserte idretten.
Ørsta aktivitetspark ligg i området for "idrett- og utdanningsband" (ein utviklingsplan for Ørsta sentrum). I dette området vert det tilrettelagt for mellom anna leik- og idrettsaktivitet. Nærleiken til både barne- og ungdomskule gjer at aktivitetsparken også vert mye nytta i skulesamanheng.
I utviklinga av anlegg er det er viktig med tett dialog med aktuelt miljø. I dette prosjektet var det spesielt skatemiljøet som var aktuelt. Dei var tydelege på at "street flow" var riktig type anlegg for Ørsta, og at det ville komplettere tilbodet i regionen.
Skate- og aktivitetsparken er ein sosial møtestad for barn, ungdom og vaksne. Ladestolpar til mobil er ei spanande teknisk løysing, og gir parken det litle ekstra samanlikna med andre aktivitetsparkar.
Les meir/kjelder
Artikkelen baserer seg på informasjon frå Ørsta kommune. I tillegg har Ørsta Brettklubb bidradd med informasjon.
Du kan lese meir om anlegget på heimesida til Ørsta aktivitetspark, og på Facebooksiden Ørsta Aktivitetspark. Der finner du fleire bilete.