Luftfoto av Voss aktivitetspark og skatepark, fylt med mennesker som deltar i ulike aktiviteter. Skateparken med bowls og ramper er i sentrum, omgitt av grøntarealer, sandvolleyballbane og en livlig strand ved Vangsvatnet.
Voss aktivitetspark på en solrik dag, med en stor bowl i skateparken i forgrunnen. Barn og unge bruker sparkesykler og skateboards, mens folk samles rundt grøntområder og lekeplasser. Fjell og innsjøen Vangsvatnet danner en naturskjønn bakgrunn.
Voss aktivitetspark sett fra innsjøen Vangsvatnet, med sandstrand og grøntområder fylt av mennesker som bader og nyter dagen. Moderne bygninger og fjellandskapet danner bakteppet for den livlige parken.
Luftfoto av Voss aktivitetspark dekt av snø om vinteren. Dei ulike elementa i skateparken, inkludert bowls og ramper, er tydeleg markerte i det snødekte landskapet. Langs parken går ein snødekt sti, og skuggar frå trær og stolper strekk seg over området.

Voss Aktivitetspark

Frå visjon til verkelegheit: Voss Aktivitetspark

Midt i hjartet av Voss ligg aktivitetsparken som har blitt ein møteplass for både lokale og tilreisande. Med spektakulær plassering mellom fjord og fjell, prisvinnande design og robuste løysingar, er parken vorte ein stor suksess. Frå rulleparkar til badebrygger – her finst det noko for alle!

Bakgrunn

Om vossingar skal beskrive seg sjølve, vert det sagt at «Om me kjedar oss på Voss, gjer me noko feil». Det har dei nok heilt rett i, spesielt med tanke på kva fasilitetar som finst i vestlandsbygda. For her finst det noko for kvar og ein, mellom anna Voss aktivitetspark.

Parken, som ligg midt i Voss sentrum, er tilpassa alle aldrar og nivå, samt aktivitetsform og intensitet. Attpåtil er parken ei visuell perle, der ho skapar ei naturleg kopling mellom gras, betong og sandstrand, og høver perfekt til både kvardag og fest.

Her har ein bygd ein park som gjev utfordringar til dei beste skatarane, og meistringskjensle til dei aller ferskaste – i tillegg til å ta vare på naturen rundt og dei sterke kreftene i naturen.

Skateboardere og tilskuere i Voss aktivitetspark på en solrik dag. En skateboarder utfører et triks på kanten av en bowl, mens publikum følger med i bakgrunnen under en livlig og engasjerende skate-sesjon.
ENERGI OG MESTRING: Skateparken på Voss summer av liv når unge talent viser fram dei beste triksa sine. Foto: Betongpark AS

At ein park som denne ligg på Voss, skapar òg forventningar. Den vesle vestlandsbygda er for dei fleste kjend for ekstremsport, med fallskjermar som flyg over himmelen, gondolen som fraktar folk med ski, syklar, tursko og finsko direkte frå Vossevangen til fjells, og eit sentrumsområdet som hovudsete for Ekstremsportveko. Når ein byggjer ein park her, kan ein ikkje byggje kva som helst, og det har heller ikkje kommunen gjort. Voss aktivitetspark er eit praktanlegg for framtida, og eit resultat av tretten års arbeid.

Det har gjeve utteljing for både Voss kommune og arkitektar, då parken vart belønna med Landskapsarkitekturprisen 2023 for sin gode harmoni med omgjevnadene, der ho ligg midt mellom fjord og fjell. 

Juryen for landskapsarkitekturprisen skriv: 

– Å innlemme ein skate- og opphaldspark med høg opparbeidingsgrad og sømlaus overgang frå det travle tettstaden Voss til Vangsvatnet med dei vakre fjella rundt, utan å skape visuell støy, er vanskeleg, men i dette tilfellet er det glimrande gjennomført, skriv juryen i si grunngjeving.

Bransjeavisa Arkitektur er einig grunngjevinga. Dei hyllar på samme vis anlegget:

– Gode utformingsløysingar som er sterkt heimehøyrande i landskapet de inngår i, gjer aktivitetsparken på Voss til eit svært godt førebilete, skriv bransjemediet dei om parken. 

LES MEIR: Voss aktivitetspark vinner av landskapsarkitekturprisen 2023 - betongpark.no

Sjå video av parken:

Videoen er henta frå nettstaden til Betongpark, med løyve. 

Anlegget

Aktivitetsparken på Voss består av ein sentralt plassert rullepark, med eit rulleareal på heile 1200 kvm, rett ved sida av Vangsvatnet – i hjartet av Voss sentrum. Rulleparken i betong har ei langstrakt hovudform, knekt opp i ulike vinklar og med inndeling i mindre soner, som kvar har ulik vanskegrad og målgruppe – og legg til rette for ulik intensitet.

– Det var viktig for oss at betongdelen av parken skulle passe godt inn i den overordna planen til landskapsarkitekten, fortel Kasper Helle, prosjektutviklar i Betongpark AS, til Gode Idrettsanlegg.

Betongparken er sjølve episenteret i parken, som er kopla saman med gangvegnettet langs strandsona i nord, og gate- og bygningsstrukturen i aust. Lengst sør i parken trappar eit terrengamfi seg ned mot badebrygga og stranda, der parken møter vassflata til Vangsvatnet, og gjer vatnet og strandsona tilgjengeleg for opphald og bading – i nydeleg harmoni. 

Helhetsplan over Voss aktivitetspark og nærliggende områder. Kartet viser aktivitetsparken med rulleanlegg, amfi, sandstrand, treningspark og nærliggende fasiliteter som sandvolleyballbane, bocciaområde, ungdomsskole og utebasseng. Området ligger ved innsjøen Vangsvatnet.
FLEKSIBELT OG VARIERT: Plankartet over Voss Aktivitetspark viser korleis området er nøye planlagt for å tilby eit mangfald av aktivitetar. Henta med løyve frå Betongpark AS

Parken består av eit amfi, ei rampe og ei brygge med universell utforming, leikeområde, sitjegrupper, slak line, sykkelparkering, gangveg, lys og mykje meir – akkurat det vossingar likar – og rett ved sida av skule- og idrettsanlegg.

Rulleparken består av ein såkalla «Street plaza» og ein «bowl», og desse er plassert i same høgd som, eller lågare i terrenget enn, parkflata rundt. Betongen er lys og rein, medan «bowlen» er farga grøn for å skape kontrast og liv.

Slik utforming og design innbyr til aktivitet, fortel Kasper Helle, prosjektutviklar i Betongpark AS.  

– For det første synest vi at den kvite betongen skapar eit fint uttrykk mot dei grøne omgjevnadene, samt fjella rundt, medan det grøne pigmentet gjer bowlen til noko heilt spesielt i denne parken. Men det beste med parken er at det er eit område som skapar ein heilt uformell møteplass mellom ulike grupper, seier han, før han legg til:  

– Du har både barnefamiliar som badar, turgåarar som nyt naturen, og skatarar som trenar i området. Det skapar eit unikt miljø for samhald.

Hva er «Street plaza» og ein «bowl»?

Street plaza: Ein del av skateparken som imiterer urbane miljø, med element som trapper, rekkverk, kantar og rampar. Desse er utforma for å etterlikne typiske gateområde der skatarar ofte øver seg.

Bowl: Ein skålforma struktur som liknar på eit tørrlagt symjebasseng. Bowls gjev moglegheit for flytande og kontinuerleg skating med høg fart og store kurvar, perfekt for avanserte triks.

Kjelde: Betongpark AS

Voss aktivitetspark ved en innsjø på en solrik dag, fylt med skatere og tilskuere. Parken er omgitt av mennesker som bader, soler seg og deltar i andre aktiviteter, med grøntområder og en lekeplass i nærheten.
FOLKSOMT: Voss aktivitetspark har vært en suksess siden dag én - her fra en solrik sommerdag første sommeren etter åpning. Foto: UAS

Flaumfare

Fleire gonger dei siste åra har vossingar fått erfare kva krefter som finst i vatn – spesielt når vatnet stig fleire meter. Dette måtte også landskapsarkitekten og prosjektleiaren ta omsyn til, sidan anlegget ligg rett ved vatnet og difor er svært utsett for flaum.

Dette omsynet viste seg å passe overraskande godt med historia til skateboarding.

– Skating har sin bakgrunn frå California, der dei fyrste skatarane skata i dei tørrlagde overvasssystema og tømme symjebasseng under tørkekriser. Det har alltid vore ein samanheng mellom skating og vatn, forklarer Kasper Helle, prosjektutviklar i Betongpark AS.

– Då vi skulle planleggje parken, var det viktig å bruke liknande prinsipp. Når vatnet stig i området rundt parken, fyller det også delar av sjølve parken, noko som gjer at vi utnyttar både estetikken og funksjonaliteten i utforminga, legg han til.

Det gjer òg at parken ikkje skapar problem under flaum, men i staden verkar som eit avlastande tiltak.

– Anlegget er utforma slik at det harmonerer med naturen, også når det oppstår ekstremvêr. Når vatnet stig, vert parken ein naturleg del av vassflata, noko som reduserer flaumskadane, forklarer Helle​.

Panoramabilde av Voss aktivitetspark og sandstranden ved Vangsvatnet, omgitt av folk som nyter solskinnsdagen. Aktivitetsparken, med sitt moderne design, ligger i forgrunnen, med fjell og grøntområder i bakgrunnen.
FLAUMUTSETT: Nesten årleg rammar flaumen Voss hardt, noko arkitektane måtte ta omsyn til då dei utforma aktivitetsparken. Det ser ut til at dei har lukkast med på ein god måte. Foto: UAS

Fleksibilitet og tilpassing for alle brukargrupper

Parken på Voss er nøye utforma for å møte behova til eit breitt spekter av brukargrupper, frå barn og ungdom til profesjonelle skatarar og lokale innbyggarar. Gjennom ei gjennomtenkt soneinndeling er ulike delar av parken tilpassa spesifikke aktivitetar og nivå, noko som sikrar ei oppleving som både utfordrar og inspirerer.

Designet balanserer estetikk og funksjonalitet, med element som fremjar meistringskjensle for nybyrjarar og utfordringar for meir erfarne brukarar. Parken inkluderer områder for skating, leik, avslapping og sosialisering, noko som gjer ho til ein levande og variert møteplass.

– Det som gjer parken unik, er korleis ho inviterer til bruk på tvers av aldrar og ferdigheitsnivå. Her kan både erfarne skatarar og nykomarar oppleve meistring, og det skapar eit dynamisk fellesskap, seier Helle til Gode Idrettsanlegg.

Ved å kombinere fleksible løysingar med ei sterk lokal forankring, har parken blitt ein viktig del av kvardagen på Voss, både for aktivitet og sosialt samvær. Dette gjer anlegget til ein modell for framtidige aktivitetsparkar i Noreg.

Barn og voksne i Voss aktivitetspark som utforsker en bølgeformet klatreinstallasjon. Området er omgitt av grøntarealer og trær, med utsikt mot fjell og bebyggelse i bakgrunnen på en solrik dag
LEIK OG MORO: Barn og ungdom nyt dei kreative mogelegheitane for leik i aktivitetsparken på Voss, som inviterer til sosialt samvær og utforsking av nye utfordringar, med Vangsvatnet og dei vakre fjella som bakteppe. Foto: Betongpark AS

Prosessen

Frå visjon til generasjonsmøteplass

Arbeidet med Voss Aktivitetspark starta i 2013, då det vart utarbeidd ein områdereguleringsplan for Vangsvatnet. Planen la grunnlaget for eit innovativt prosjekt som skulle gje bygda ein møteplass for uorganisert aktivitet og idrett, med fokus på tilgjenge, inkludering og estetikk. Initiativet kom frå lokale eldsjeler som etablerte Foreningen Voss Aktivitetspark, medan Voss kommune tok ansvar for planlegging og gjennomføring.

Foreininga Voss Aktivitetspark bestod av ei rekkje aktørar med ulik bakgrunn, mellom anna Voss Brettlag, Voss Freestyleklubb, Voss MTB-klubb, Ekstremsportveko og uavhengige eldsjeler. At så mange ulike instansar – i tillegg til ei rekke engasjerte enkeltpersonar – har bidrege til prosjektet, er ein av nøkkelfaktorane for suksessen, forklarer Helle frå Betongpark.

– Det unike med dette prosjektet er den sterke lokale forankringa. Eldsjelene har drive prosjektet framover med ei imponerande evne til å engasjere og samle ressursar. 

Han får støtte frå Nils Helge Kvamme, rådgjevar i etat for kultur og fritid i Voss herad.

– Vi såg tidleg mogelegheita for å skape noko som samla folk på tvers av ulike miljø og interesser. Det er dette som har gjort prosjektet så unikt – det sterke samarbeidet mellom lokale aktørar og ein tydeleg visjon for kva parken skulle bli, seier han til Gode idrettsanlegg.

Luftfoto av Voss aktivitetspark som viser skateparken med bowls, ramper og andre skateelementer, omgitt av grøntarealer og stier. Parken ligger ved bredden av Vangsvatnet, med åpne områder og strandlinje synlig i nedre del av bildet.
KVIT BETONG: Luftfoto av Voss Aktivitetspark viser den gjennomtenkte utforminga, med ei kvit rullepark, grønareal og amfi som harmonisk bind saman området langs Vangsvatnet. Foto: UAS.

Eit stegvis samarbeid

Parken vart utvikla gjennom fleire byggetrinn. Først kom ein pumptrack og ein treningspark på plass, før arbeidet gjekk over til å inkludere ei omfattande rullepark, eit amfi, ei brygge og andre fasilitetar. Landskapsarkitektane Østengen & Bergo sørga for at anlegget vart harmonisk integrert i omgivnadene og kunne tåle dei krevjande vêrforholda ved Vangsvatnet.

– Målet var å skape eit inkluderande og funksjonelt anlegg der grensene mellom tilrettelagde og naturlege område er utydelege. Vi ønskte at folk skulle kunne rulle inn og ut av området og bruke både parken og omgjevnadene som ein heilskap, fortel Kvamme

LES MEIR: Sjå prosjekt-sida for Voss aktivitetspark på nettstaden til Østengen & Bergo her: Om prosjektet - oestengen-bergo.no

Medvirkning som nøkkel til suksess

Brukarmedverknad har vore ein sentral del av prosessen. Gjennom workshops og møte med lokale ungdomsmiljø, idrettslag og skatarar vart det utvikla eit anlegg som møter behova til alle brukargrupper.

– Korleis strukturerte dere medverknadsprosessane?

– Me gjennomførte ei rekkje medverknadsmøte og workshops både digitalt og fysisk, fortel Kasper Helle. Han og resten av Betongpark er ekspertar på slike prosessar.

– I desse møta fekk brukargruppene kome med konkrete ønskje og innspel. For eksempel diskuterte vi alt frå dimensjonar og vinklar på ramper til kva type utforming som skulle dominere – skulle det vere meir "bowl", eller skulle det vere fokus på street plaza? Dette gav oss verdifull innsikt som vi integrerte i designet.

Dialogen var ikkje berre ein høyringsprosess, men ein reell samarbeidsmodell som inkluderte både nybyrjarar og erfarne skatarar.

– Me lytta nøye til ungdomsmiljøet på Voss, som ønskte eit anlegg som var utfordrande nok for dei erfarne, men samtidig lågterskel for dei som var nye i miljøet. Denne balansen har vore ein nøkkel til suksessen, seier Nils Helge Kvamme. 

Han legg til at Voss herad er godt nøgd med jobben Betongpark gjorde i medverknadsprosessane. 

Ein ferdig park for framtida

I 2022 stod parken ferdig etter nesten ti år med planlegging, samarbeid og bygging. Parken er no ein sentral møteplass i Voss sentrum og samlar folk i alle aldrar og frå ulike bakgrunnar.

– Parken har blitt ein stad der folk kan møtast på tvers av generasjonar. Det er noko heilt spesielt med å sjå små barn, tenåringar og vaksne dele same rom for aktivitet og glede, avsluttar Kvamme.

Voss Aktivitetspark er meir enn ein aktivitetspark – det er ein generasjonsmøteplass og eit førebilete for framtidige offentlege rom i Noreg.

Økonomi og finansiering

Byggekostnader:

Rulleparken kosta 10 millionar kroner, treningsparken 1,1 millionar kroner, og sandvolleyballanlegget 900 000 kroner. I tillegg kjem arbeid med utfylling av området og bygginga av amfiet, som utgjorde om lag 9 millionar kroner. Alle summar er inklusiv mva.

Total kostnadsramme:

Prosjektet har ein total kostnadsramme på 12,77 millionar kroner. Dette inkluderer bygging, planlegging og drift av ulike element i parken, som lysanlegg, rullepark, leikeutstyr og utandørs konstruksjonar.

Fordeling av utgifter:

  • Bygging av rulleparken: 4,8 millionar kroner
  • Utandørs konstruksjonar (rampe og brygge): 3,114 millionar kroner
  • Bearbeiding av terreng: 380 000 kroner
  • Park og hage: 615 000 kroner
  • Planlegging og rigg/drift: 900 000 kroner
  • Uforutsette utgifter: 1 million kroner
  • Anskaffing av utstyr og veier/plassar: 882 000 kroner

Finansieringsplan:

Prosjektet er finansiert av ein kombinasjon av bidrag frå lokale sponsorar, fond og stiftelsar (6,396 millionar kroner), regionale utviklingsmidlar frå Hordaland (3 millionar kroner), og spelemidlar (2,7 millionar kroner). I tillegg har Voss kommune støtta prosjektet med 675 000 kroner.

Det ble også søkt om 3 millionar kroner i tilskot gjennom ordninga for nyskapande aktivitetsarenaer, men prosjektet fekk avslag. Tilskotsordninga krev at anlegg skal vere tilgjengelege heile året, medan Voss Aktivitetspark i periodar med flaum må stengast for å sikre tryggleiken til brukarane.

Trass i avslaget har parken blitt bygd med robuste løysingar som toler kortvarig oversvømming. Dette inkluderer bruk av varige material og eit effektivt dreneringssystem for å minimere skade under flaum. Gjennom støtte frå lokalsamfunnet og andre finansieringskjelder har prosjektet likevel oppnådd måla sine og etablert ein generasjonsmøteplass som har blitt ein viktig del av Voss sentrum.

Ekspertar på søknad:

Helle fortel at Betongpark ikkje berre er ekspertar på design og bygging av skateanlegg, men òg har eigne spesialistar som jobbar med å skrive søknader og sikre finansiering for prosjekta. Når det gjeld Voss aktivitetspark, måtte parken utformast slik at den oppfylte spelemidelkrava, inkludert krav til arealstorleik og ei levetid på minst 30 år. 

Denne tilnærminga, kombinert med lokalt samarbeid og frivillig innsats, gjorde det mogleg å realisere eit anlegg som både tilfredsstiller tekniske krav og skapar eit inkluderande miljø.

Drift og vedlikehold

Drifta av Voss Aktivitetspark er ein viktig del av å sikre at anlegget held seg trygt, funksjonelt og attraktivt for brukarane. Dette krev jamlege inspeksjonar og vedlikehaldsarbeid for å ivareta tryggleiken og kvaliteten i parken. Dagleg drift inkluderer kontroll av alle element i parken, reparasjon av skadar og generell opprydding.

Spesielle krav til drift:

Parken er utforma for å tole ekstreme vêrforhold, inkludert flaum. Ho er konstruert med murer og dreneringssystem som hindrar større skadar under flaumperiodar.

Det stillast krav til regelmessige tilsyn for å sjekke leikeutstyr, rulleparkar og andre fasilitetar. Eventuelle skadar må utbetrast raskt for å sikre trygg bruk.

Utfordringar ved drift:

Flaum er den største utfordringa i vedlikehaldet av parken. Sjølv om anlegget er designa for å tole oversvømming, fører flaumen ofte med seg rekved og anna avfall som må fjernast manuelt.

Opprydding etter flaum kan vere tidkrevjande og krev betydeleg ekstraarbeid for å gjenopprette parkens tilstand.

Drift og vedlikehald av Voss Aktivitetspark er dermed ein kontinuerleg prosess som krev dedikasjon frå dei ansvarlege. Sjølv om parken har utfordringar har den vist seg å vere robust og populær blant brukarane, noko som understrekar betydninga av det grundige forarbeidet og dei berekraftige løysingane som er nytta under bygginga.

Nøkkelpunkter

  • Inkluderande design for alle nivå: Parken er utforma med soner som passar både nybyrjarar og erfarne brukarar, noko som skapar meistringskjensle for dei ferskaste og utfordringar for dei mest avanserte skatarane.
  • Harmoni med omgjevnadene: Anlegget smeltar sømlaus inn i landskapet med ein balanse mellom kvit betong, grøn pigmentering og naturlege omgjevnader, noko som vart belønna med Landskapsarkitekturprisen 2023.
  • Fleksibilitet og variasjon: I tillegg til skateparken inkluderer området amfi, sandstrand, leikeområde og andre fasilitetar, noko som gjer parken til ein levande møteplass for folk i alle aldrar og interesser.
  • Robust og flaumtilpassa: Parken er bygd med tanke på dei krevjande vêrforholda ved Vangsvatnet og fungerer som eit avlastande tiltak under flaum, utan at det går ut over estetikk eller funksjonalitet. 
  • Sterk lokal forankring: Gjennom omfattande medverknadsprosessar og samarbeid mellom lokale eldsjeler, arkitektar og kommunen, har parken blitt ein generasjonsmøteplass som fremjar samhald og aktivitet i lokalsamfunnet.  

Betongpark: Nøkkelen til suksess

Betongpark har etablert seg som ein leiande aktør innan bygging av skateparkar og aktivitetsanlegg i Noreg. Med eit designstudio i London og ei prosjektavdeling i Noreg kombinerer dei internasjonal ekspertise med lokal tilpassing for å skape unike og funksjonelle anlegg.

Ein av dei største styrkane til Betongpark er at alle dei tilsette, frå designarar til byggarbeidarar, har bakgrunn som skatarar. Dette gir dei ei unik innsikt i kva brukarane faktisk treng. 

– Vi har ikkje rom for feil eller halvvegs løysingar, seier Helle frå Betongpark, og legg til:

– Kunden vår er skatemiljøet, og vi får høyre det raskt om noko ikkje fungerer​. Gjer vi ein for dårlig jobb ett sted, mister vi framtidige kunder alle andre steder òg, understreker han.

Internasjonal designkompetanse frå London

Betongpark har eit designstudio i London, som gir selskapet tilgang til verdsleiande kompetanse innan arkitektur og design av skateparkar. Gjennom dette studioet utviklar dei løysingar som ikkje berre er funksjonelle, men som òg har eit sterkt estetisk uttrykk. – Studioet i London gjer at vi kan levere toppmoderne design som skil seg ut og samstundes fungerer sømlaus i landskapet, fortel ein representant frå selskapet​.

Sterk lokal involvering

Sjølv om Betongpark har internasjonal rekkevidde, legg dei stor vekt på å samarbeide tett med lokalsamfunn, frå den tidlege planleggingsfasen til bygging og ferdigstilling. Dei gjennomfører medverknadsprosessar med brukargrupper, inkludert workshops og designmøte.

– Det er heilt avgjerande å lytte til dei som skal bruke anlegget. På Voss fekk vi eit godt samspel med både erfarne skatarar og nybyrjarar, noko som sikra eit anlegg tilpassa alle nivå, fortel Helle.

Solid kompetanse på søknad om midlar

Dei har òg ei eiga rolle for å hjelpe kundar med søknader om støtte og midlar, noko som styrker finansieringsgrunnlaget for prosjekta. 

– Vi trur på langsiktige løysingar som ikkje berre fungerer teknisk, men òg skapar meirverdi for nærmiljøet, avsluttar Helle.