Skistadion og rulleskiløyper med majestetiske fjell i bakgrunnen
Norescuprenn i fint vêr og gode snøforhald på skiarenaen
Skiløparar i godt preparert turløype. Kvamshesten i bakgrunnen
Asfaltert rulleskiløype med ein brei gruslagd vegskulder tilrettelagd for sykling
Flyfoto av skistadion med rulleskiløypa, stadionhus, parkeringsplass og innkjøring frå E39

Langeland Skisenter

Moderne anlegg i naturskjønne omgjevnader

Langeland Skisenter vant Norges Skiforbunds anleggspris 2017. Anlegget, med utsikt mot den praktfulle Kvamshesten, har både rulleskiløype, lysløype, FIS-godkjent konkurranseløype, snøproduksjonsanlegg og eit godt turløypenett. Såleis kan anlegget nyttast både vinter og sommar. Anlegget er anbefalt av Norges Skiforbund.

Bakgrunn

Utbetring av tidlegare anlegg

Anlegget er det tredje rulleskianlegget i Sogn og Fjordane, men det første i Sunnfjord-regionen. Området på Langeland har i lang tid vore nytta til skiaktivitet, og er eit av dei mest brukte skiområda i Sogn og Fjordane. I 1990 gjekk Gaular IL og Førde IL saman om å bygge stadionanlegg og servicebygg for langrenn på Langeland, organisert gjennom Langeland Ski- og Fritidssenter AS, som eig og driv anlegget. Skisenteret er eigd av Gaular IL og Førde IL, og er i stor grad drive på dugnad. Etter initiativ frå skisenteret, i samarbeid med idrettslaga og Sogn og Fjordane Skikrins, har anlegget dei siste 6 åra blitt utbetra på ei rekkje område. I 2015 og 2016 kom eit snøproduksjonsanlegg på plass, 3,3 km rulleskiløyper vart ferdig i 2017, og stadionhus stod klart i 2019. Undervegs har det òg vore ei gradvis utvikling av konkurranse- og turløyper. 

Trafikktryggleik

Bakgrunnen for rulleskianlegget er ein auke av yngre utøvarar. Rulleskiaktivitet er blitt ein større del av treninga i barmarkssesongen for unge, talentfulle utøvarar. Tidlegare føregjekk rulleskiaktivitet langs trafikkerte vegar, noko som utgjer ein betydeleg risiko med tanke på trafikktryggleik. Eit rulleskianlegg er såleis eit trafikktryggleikstiltak, som sikrar at rulleskiaktivitet kan utøvast i trygge omgjevnader. Samstundes ville eit universelt utforma rulleskianlegg også gjere mogleg for eldre og rørslehemma å komme seg ut i naturen.

Anlegget

Anlegget ligg på Langeland i Sunnfjord kommune, 10 km frå Førde i retning Gaular. Førde IL er idrettslaget med den største langrennsgruppa i Sogn- og Fjordane, og anlegget si brukargruppe er mangfaldig. I Skiforbundet si  grunngjeving for anleggsprisen blir det vektlagt anlegget si likevekt mellom topp- og breiddesegmentet, der det blir lagt til rette for at born, unge og vaksne skal kunne utøve eigenaktivitet, og organisert aktivitet i regi av idrettslaga. Anlegget er universelt utforma, noko som gjer at det enklare kan nyttast av rørslehemma, eldre, og andre med vanskar for å komme seg ut i naturen. Skisenteret fungerer som eit regionanlegg for Sunnfjord, med besøkande frå heile regionen. I Skiforbundet si tildeling blir det vektlagt anlegget sin  posisjon som eit tidsriktig heilårsanlegg, som også er innretta for tur- og sykkelaktivitet.

Anlegget inneheld:

  • Rulleskiløype med gruslagt vegskulder for sykling. 3,3 km
  • Lysløype. 5,5 km
  • Oppkøyrde turløyper. 20 km
  • Skileikanlegg med gapahuk
  • Anlegg for snøproduksjon for 2 km løype og skistadion
  • Stadionhus
  • Varmestove med kafé og garderobe
  • Parkeringsplass

I tillegg er standplass for skiskyting under planlegging. Skisenteret samarbeider med Kleiva Hoppanlegg om utstyr, preparering, skihytte m.m.

Prosessen

Utbygginga av rulleskiløypa kravde ingeniørkompetanse noko styret for skisenteret har. Planlegging vart gjort i eit samarbeid mellom skisenteret, idrettslaga og skikrinsen. I staden for å gå ut på anbod valde ein å inngå samarbeid med ein entreprenør som ein hadde tillit og kjennskap til. For å sikre seg mot overskridingar vart det skrive entreprenørkontrakt etter Norsk Standard. Ingeniøren i skianlegget sitt styre fungerte som byggeleiar og kontaktperson overfor entreprenør. Prosessen fungerte godt og anlegget ligg der i dag utan at negative avvik er avdekka.

Elles er alle utbyggingstiltak, både før og etter, avtalt og klarert med idrettslaga på eigarsida. Det er eit poeng at skisenteret med sitt styre har fokus på anleggsutvikling og at idrettslaga kan konsentrere seg om den aktive idretten.

Økonomi og finansiering

Rulleskiløype

Rulleskianlegget hadde ei kostnadsramme på ca. 8,6 millionar kroner. Denne delen er i stor grad finansiert av spelemidlar, programsatsingsmidlar, ekstra løyvingar gjennom kommunale og fylkeskommunale instansar, gåvemidlar samt ekstra sponsorar.

  • Spelemidlar: 1 820 000 kr
  • Programsatsningsmidlar: 2 200 000 kr
  • Kommunalt tilskot: 810 000 kr
  • Fylkeskommunalt tilskot: 600 000 kr
  • Trond Mohn: 2 000 000 kr
  • Gjensidigestiftelsen: 1 000 000 kr
  • Fylkeskommunale trafikktryggingsmidlar: 108 000 kr
  • Dugnad: 50 000 kr

Etter at prosjektet var ferdig fekk ein mva-kompensasjon på 1 800 000, som ein brukar som eigenkapital i seinare prosjekt.

Sykkelskulder

Ei ekstra brei gruslagt vegskulder for sykling ved sida av rulleskiløypa kosta 625 000 kroner.

  • Spelemidlar, nærmiljøanlegg: 300 000 kr
  • Gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane: 300 000 kr
  • Eigenkapital: 25 000 kr

Snøproduksjonsanlegg

Snøproduksjonsanlegget, bygt i to etappar og ferdigstilt i 2016, hadde ein totalkostnad på ca. 3 millionar kroner.

  • Spelemidlar: 1 000 000 kr
  • Private tilskot: 255 000 kr
  • Lån/finansieringsbevis: 678 000 kr
  • Dugnad: 239 000 kr
  • Andre tilskot: 500 000 kr
  • Eigenkapital: 380 000 kr

Stadionhus, ny skistadion og utviding av løyper

Det vart óg investert i stadionhus, ny skidstadion og utviding av løyper 2014-2019, med kostnad på ca. 5,3 millionar kroner.

Driftskostnander

Driftskostnader for anlegget er om lag 1 mill kr pr år inkludert avskrivingar. I tillegg kjem verdi av dugnad, verdsett til kr 300.000 pr år. 

Til løypekøyring og drift av anlegget betaler vertskommunen, Sunnfjord kommune, 10% av driftskostnadane. Dette er forankra i avtale knytt til at anlegget fekk status som interkommunalt anlegg i samband med rulleskiprosjektet.

I mange år gav fylkeskommunen eit driftstilskot på kr 50.000, men dette falt bort ved overgang til Vestland fylke.

Drift

Anlegget blir drifta av Langeland Ski- og Fritidssenter AS, eit selskap eigd av Gaular IL og Førde IL med 50% på kvar.

Til løypekøyring og tilsyn med løypemaskina er det skrive kontrakt med to personar, som får ei avgrensa godtgjersle for denne jobben. Dette er den viktigaste og mest kostnadskrevjande funksjonen å ha kontroll på. Utover det er anlegget i stor grad drive på dugnad, leia av styret for skisenteret, og av frivillige i skimiljøet i Førde og Gaular. Dei fleste fagressursar som trengs for å drifte anlegget er tilgjengeleg på denne måten.

Nøkkelpunkt

Plassering

Anlegget si naturmessige plassering i eit flott landskap og med eit attraktivt og godt tilrettelagt turløypenett er hovudårsaka til dei gode besøkstala. Dette sikrar i stor grad økonomien i anlegget, ettersom det er knytt ei ordning med brukarbetaling til parkeringsplassen. Dette har vore svært viktig for å kunne gjere investeringar i anlegget.

Dugnad og økonomisk fokus

Samstundes med at anlegget er dugnadsbasert er det viktig med eit forretningsmessig og økonomisk fokus i drifta. Ein har utnytta anlegget sin popularitet og omdømme ved å skaffe seg sponsorar, (Langeland Skisenter har 70 skiltsponsorar) og våge å ta seg betalt gjennom ordninga med brukarbetaling for det tilbodet som blir tilrettelagt for folk flest. Dette fokuset har medverka til at anlegget er gjeldfritt og har solid økonomi.

Brei brukergruppe

Anlegget er funksjonelt og godt tilrettelagt for både topp og breidde. Stadionløysinga med løypebru gjer anlegget kompakt, spesielt når det gjeld rulleskitraséen. Det gjer det enkelt å kopla på standplass for skiskyting, noko som er under planlegging.  Løype for kunstsnølegging er i stor grad lagt terrengmessig slik at løypa ligg i ly for det fuktige vestavêret.

Utfordring

Anlegget si hovudutfordring i vinterhalvåret er klimaendringar og ustabile snøvintrar. Anlegget ligg i området 330-450 moh, og ganske nær kysten, og er med det utsett for våte vintrar.

Les meir / referansar

Informasjonen om anlegget har godeidrettsanlegg.no funne på nedenstående sider, samt direkte frå representant for Langeland Ski- og Fritidssenter.

Opning og anleggspris - skiforbundet.no

Langeland Ski og Fritidssenter - sognefjord.no/sunnfjord

Prisdryss på Gardermoen - langrenn.com

Årsmelding Sogn og Fjordane Skikrins 2015-2017 - skiforbundet.no

Rulleskianlegg Langeland Skisenter - gjensidigestiftelsen.no

Samt boka "Ski-idrett i Sogn og Fjordane: Sogn og Fjordane skikrins 75 år" (bok, tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket), avisa: Firda 19. oktober 1990 og årsmelding for Førde IL 2017 og 2018.

Bilete

Bileta har vi delt med tillating frå Langeland Ski- og Fritidssenter. Du kan sjå mange fleire bilete på Facebooksiden Langeland Ski- og Fritidssenter.