Ein rullestolbrukar testar kavlevegen
Kvilebu gjort i tre ifm. kavlevegen
Ein kvilebu ved ei tjørn.
Kryss i kavlevegen

Surnadal kommune kombinerer universell utforming og eldgammal byggjeteknikk i ny turveg

Nyhende frå Surnadal kommune og NRK

Surnadal kommune og Nordmøre museum byggjer ein såkalla kavleveg, etter modell frå ein kavleveg frå vikingtida som vart funnen i området. Delar av kavlevegen vert bygd grov, tilsvarande den opprinnelege kavlevegen, medan delar av kavlvegen vert bygd inspirert av den gamle kavlevegen, men med modernisert byggjemetode. Dette legg til rette for at mellom anna rullestolbrukarar også kan nytte kavlevegen.

Kulturminne og tradisjonshandverk

Prosjektleiar for Kavlvegen kultursti, Anne Lise With Vullum, fortel at Surnadal kommune har gått foran ved å gå bakover i historia i arbeidet med å byggje dette inkluderande friluftslivsanlegget, som også er ei formidling av lokale kulturminne og tradisjonshandverk. Kommunen har hatt eit unikt samarbeid med Husasnotra, ein lærestad for tradisjonshandverk ved Nordmøre museum. Utan denne avdelinga ved museet, hadde ikkje Kavlvegen kultursti vorte ein realitet.

Bærekraftig og naturvennleg tilretteleggingsmetode 

Undervegs i prosjektet har dei utvikla eit industrielt byggjesett basert på kavlevegmetoden i samarbeid med Husasnotra og den lokale bedrifta Bøfjorden Sag. Byggjesettet kan tilpassast etter formål og funksjon. I juni 2023 inviterast lag og friluftslivsorganisasjonar til kurs når kommunen og Husasnotra skal montere dei siste meterane for rullestol. Dei håpar at moderne kavleveg kan vere ein berekraftig og naturvennleg tilretteleggingsmetode over myr som vil inspirere andre. Vullum legg til at dei gjerne deler erfaringar med andre, og avsluttar med å poengtere at prosjektet har vore ein aktiv lærings- og formidlingsarena gjennom alle fasar. 

Kavlvegen kultursti har offisiell opning 1. september 2023.

Les meir

NRK har omtala kavlevegen både i artikkel og innslag på nyhenda. For å lese meir om kavlevegen, sjå NRK.no: Bygger turløype inspirert av gammal vikingveg.

I tillegg vart kavlevegen presentert på Møre og Romsdal sine distriktsnyhende. Sjå innslaget på NRK TV si netttside: Distriktsnyheter Møre og Romsdal 31. august.

Dersom du ønskjer å sjå fleire bileter av kavlevegen og følgje med på byggjinga, anbefales Facebooksida til anlegget: Kavlvegen kultursti - bli med.