Utsiktspunkt ved foss, fjord og fjell i bakgrunn
Dagsturhytte med utsikt
Treningsflate med utsikt
Trygg i Naturen-camp med gapahuker, amfi og pizzaovn.
Tre gapahuker
Tuftepark i skog med fjord i bakgrunn
Utsiktsrampe med fjell i bakgrunnen
Skog med steinlagt sti. Steiner formet som hjerter.
Matlagingsfasilitet
Steinlagt trapp
Skilt og ørn utskåret i tre
Tuftepark i skog
Steiner formet som hjerter
Utsikt over Sandane

Trivselsskogen

Ei perle av eit nærturanlegg!

Trivselsskogen er eit anlegg som set folkehelse i førarsetet. Det sentrumsnære anlegget, kringsett av fjordar og fjell, gjev heile befolkninga ei moglegheit til å nytte naturen til fysisk aktivitet. Dei mange enkelteelementa i anlegget byr på spennande og varierte friluftsopplevingar for alle aldersgrupper. Trivselsskogen er nasjonal pilot for DNT si satsing på nærturområde. Anlegget er anbefalt av Tverga.

Bakgrunn

Idéen om anlegget kom på ein studietur for å sjå på naturbasert reiseliv. I Fort William i Skottland fekk initiativtakar Knut Roger Nesdal idéen til Trivselsskogen. Trivselsskogen var tenkt som eit lågterskel utandørs aktivitetstilbod, ope 24 timar i døgeret. Samstundes skulle Trivselsskogen innehalde spektakulære element med tanke på reiselivssatsinga i kommunen.

Den korte nærturen

Gloppen kommune er rik på fjell og natur, og har tilrettelagt om lag 35 merka turruter i kommunen før Trivselsskogen vart etablert. Ingen av desse har vorte tilrettelagt slik at dei toler stor trafikk. No har kommunen vore med å leggje til rette for å lage tre berekraftige ruter som skal marknadsførast og dimensjonerast for å ta imot dei store mengdene med turglade folk. Dei tre rutene er Eggenipa på 14 (bratte) km, Nordfjordryggen på 21 km og Trivselsskogen, som vert den korte nærturen.

Medan Eggenipa og Nordfjordryggen er relativt lange og krevjande turar, med startpunkt eit godt stykke unna befolkningssentruma, er Trivselsskogen eit tilrettelagd nærturtilbod. Turen byr på lett tilgjengelege og spektakulære naturopplevingar. Trivselsskogen vart ikkje bygd for dei tre som gjekk tur i fjellsida, men for dei 30 000 som går der årleg no. Dette i ein kommune med innbyggjartal rett i overkant av 5 000.

Høgt lokalt engasjement og dugnadsånd

Trivselsskogen SA vart etablert for å stå bak utbygginga av Trivselsskogen. Heile 13 % av innbyggarane i Gloppen har kjøpt eit andelsbrev i Trivselsskogen SA, og har på den måten tatt eigarskap i utviklinga. Det er lagt ned om lag 13 000 dugnadstimar i prosjektet til no. Mannen bak idéen, Knut Roger Nesdal, har stått for konseptutviklinga og vore dugnadsansvarleg i Trivselsskogen gjennom heile byggeperioden sidan oppstarten i 2015.

Anlegget

Trivselsskogen ligg på Sandane i Gloppen kommune, inst i Gloppefjorden – ein fjordarm som strekker seg søraustover frå Nordfjorden. Startpunktet til sjølve skogsområdet ligg rett ovanfor E39, der det er opparbeida parkering for utfart til området. Ein treng derimot ikkje bil for å komme seg til friluftsområdet: Frå hjartet av Sandane sentrum er det skilta rute opp til Trivselsskogen. Dette gjer anlegget lett tilgjengeleg for alle innbyggarar.

Tre bilder, to av brede stier med bark og grus, ett av skilt og kart
Variert underlag, god skilting og belysning. Foto: Øyvind Løkke Vie

Innhald

Trivselsskogen inneheld ei rekke ulike element, og byr på ein stor grad av valfridom. Her finn ein eit rikt nettverk av stiar, tilpassa ein kvar smak. Totalt består Trivselsskogen av om lag seks kilometer med tilrettelagd sti, med ei rekke attraksjonar attåt. 

Treskulpturar langs stien 

Langs stiane kan ein møte på mange kjende ansikt frå eventyr, og dessutan dyr. Tusser, troll og Bukkane Bruse er nokon av figurane ein kan møte langs stien. Dette gjev ein ekstra oppleving for dei yngste turgåarane, og møtet med dei tre kjende bukkane gjev motivasjon til å ta turen heilt til toppen.

Troll og dyrefigurer langs sti
I Trivselsskogen kan ein møte på mange spennande ansikt. Foto: Øyvind Løkke Vie

Kjærleiksskogen

Ein meir særeigen attraksjon er Kjærleiksskogen. Kjærleiksskogen er ein skog fylt med hjarte og kjærleik. I skogen kan brukarane henge opp eit hjarte med helsingar til kjende og kjære, eller gode ord om kjærleik i alle former. Sjølv i underlaget har kjærleiken satt sine spor. På kloppene på stien er det skore inn kjærleiksord, og ved enden på stien kjem ein til ein steinlagd trapp, der alle steinane bærer forma av eit hjarte.

Klopp med "Eg elskar deg", steiner formet som hjerter, og hjerter som heng fra tre
Kjærleiken blomstrar i Trivselsskogen. Foto: Dina Rygg Eide

Utsiktspunkt

I Trivselsskogen leiar stiane til fleire utsiktspunkt med godt utsyn over Gloppefjorden og dei bratte fjella på sørsida av fjorden. Utsiktspunkta er tilrettelagd på fleire ulike måtar som gjev rom for ein pust i bakken. Ein treng ikkje gå langt for å komme til det første utsiktspunktet på stien. Solplatået består av tre lange benkar, med godt utsyn over Gloppefjorden. Her finn ein også eit gamalt solur.

Lenger opp mot toppen av stinettverket finn ein utsiktspunktet "Utsikten". Her følger ein tilrettelagde sherpatrapper opp til utsiktspunktet, som gjev godt utsyn over Sandane og Gloppens natur.

Dagsturhytta Draumekvila

På veg opp mot Utsikten ligg dagsturhytta Draumekvila. Hytta var Noregs første dagsturhytte og vart opna i desember 2017. Dagsturhyttene er gratis å nytta, og er tilgjengelege døgeret rundt heile året. Dei har som formål å stimulere til turglede i trygge rammer. Hytta er tilrettelagd med toalettfasilitetar, straum og eit lite bibliotek.

Hytte med utsikt mot fjord
Draumekvila vaker over Gloppefjorden. Foto: Dina Rygg Eide

Fosseteateret

Eit av dei mest kjende høgdepunkta i skogen er Fosseteateret. Turen opp mot Holvikfossen har lenge vore eit populært turmål, men den tidlegare stien var både bratt og til tider veldig glatt, noko som gjorde turmålet mindre tilgjengeleg og mindre egna for stor pågang. Stien opp mot Holvikfossen er nå forsterka med sherpatrapper, bygd med lokal stein. Trappa opp mot Holvikfossen består av 641 trinn. Trinna er både solide og vakre, og toler meir belasting enn den tidlegare stien.

 

Sherpatrapp med foss i bakgrunnen
Stien opp mot Holvikfossen har vorte forsterka. Foto: Dina Rygg Eide

Ved toppen av trappene kjem ein til toppen av Holvikfossen og Fosseteateret. Namnet Fosseteateret kjem av at det er fossen som spelar teateret, og kva for førestilling ho byr på vil variere mellom årstider, vassføring og tid på dagen. Her er det bygd ei utsiktsrampe som byr på makelaus utsikt over Gloppens fjell, fjordar og fossar. Det er også tilrettelagd med rasteplass.

Foss og utsikt til fjord
Ved toppen av Holvikfossen kan ein sjå ut mot fjord og fjell, eller nyte teateret til fossen. Foto: Dina Rygg Eide

Hundepark

Trivselsskogen er ein skog for alle - også firbeinte. Rett ved parkeringsplassen er det laga ein eigen hundepark. Parken er tilrettelagd med sluser for å komme seg inn, samt benkar der eigarane kan ta seg ein pust i bakken medan dei firbeinte får løpt og leika seg.  

Hundepark skilt, hang ups stativ og gapahuk
Trivselsskogen har noko for alle og ein kvar. Foto: Øyvind Løkke Vie

Trygg i naturen-camp (TIN-camp)

Trygg i naturen-campen (TIN-camp) er eit lågterskeltilbod, som har som formål å skape gode og trygge naturopplevingar for alle - uavhengig av alder, ferdigheitsnivå og funksjonsnivå. TIN-camp ligg heilt ved byrjinga av skogen og er lett tilgjengeleg. Her treng ein ikkje gå langt for å kunne overnatte i det fri.

Campen består av seks gapahukar med soveplass til seks personar i kvar, seks bålplassar, to vedfyrte pizzaomnar og eit amfi med plass til 400 personar. Campen er mykje nytta til undervising av skular i kommunen, frå barneskule til VGS-klassar og Nordfjord folkehøgskule.

Amfiet har vorte nytta til kulturelle framsyningar, som konsertar og filmpremierar. 

TIN-Camp med amfi
TIN-campen er ein god arena for å lære om friluftslivet. Foto: Dina Rygg Eide

Tuftepark, KK-flata og stubbespenst

I Trivselsskogen kan ein kombinere tur med styrke- og spensttrening. Treningsparken består av ein komplett Tuftepark, KK-flata og stubbespenst, og er kanskje den treningsparken i landet med mest spektakulær utsikt. 

KK-flata er ei treningsflate for basistrening, som har fått namn etter utviklarane sjølv, Knut Roger Nesdal og Knut Stian Fjellestad. Her finn ein slynger og battleroap, og dessutan to skap med utstyr. Flata er omkransa av benkar. Her finn ein også gode beskrivingar og illustrasjonar av ulike treningsøvingar ein kan gjere i parken. Ein treng derfor ikkje inngåande kunnskap om treningslære for å kunne sette opp og gjennomføre ei god treningsøkt i anlegget. 

Stubbespenst er ei spensttrapp med seks trinn på 40 cm per trinn, og byr på gode moglegheiter for spensttrening.  

Utsikt fra trimpark, battlerope, og spenstanlegg
KK-flata byr på battlerope, stubbespenst og ei treningsøkt med makelaus utsikt. Foto: Øyvind Løkke Vie
Skilt ved trimpark
Trimparken har sin eigen bank med treningsøvingar, med gode beskrivingar og illustrasjonar. Foto: Øyvind Løkke Vie
Trimpark i skogen
I trimparken er det nytta naturlege underlag. Foto: Øyvind Løkke Vie

Buldrevegg

Rett nedafor treningsparken er det ein buldrevegg under utvikling. Veggen er om lag 40 meter lang, med høgder som varierer frå ein til fire meter. Mykje av jobben har naturen gjort sjølv i utforminga av veggen. Den ferdige veggen vil få ruter med overheng og naturlege grep i fjellet.

Andre fasilitetar

  • Tilretteleggingar med sensorstyrt solcellelys.
  • To sanitæranlegg med totalt tre toalett, der to er universelt utforma og eit har stellebord.

Brukarane

Det er stor variasjon i bruken. Skogen har tilbod til alle, og består av korte eller lange turalternativ. Heile skogen har om lag seks kilometer sti. Her kan du variere om du vil gå flatt eller bratt, trapp eller sti, eller om du vil jogge, gå eller sykle. Dagsforma bestemmer kor langt du vil gå, og du er aldri langt frå parkeringsplassen. For dei som ynskjer ein lengre tur, går det fleire stiar videre opp på fjella på sørsida av Nordfjorden. 

Utforming

Det er lagt vekt på å lage gode, solide og breie stiar. Dette følger frå samarbeidsavtala med grunneigar, som seier at dei kan nytte skogen slik dei må mtp. drift av skogen og tømmeruttak. Av den grunn er dei fleste skogsvegane pukka og flislagd, slik at du nesten ikkje ser spor i stiane, sjølv om tunge traktorar nettopp har vore der. Heile anlegget er utforma på naturen sin premiss. Delanlegga er tilpassa plasseringa og omgjevnadane. Det er for eksempel nytta gamle, gjengrodde traktorvegar som har fått nytt liv. Ein har på ein måte pakka ut naturen og gjort han tilgjengeleg.

Prosessen

Trivselsskogen SA vart etablert mai 2015. Første året vart det jobba med å rigge selskapet for den jobben som skulle gjerast, dvs. planlegging, godkjenning av vedtekter i Kulturdepartementet, søke middel og gjere nødvendige avtaler. Først i september 2016 hadde ein første dugnadsdag og starta bygginga.

Prosessen har vore god og hatt jamn framdrift. Ut frå dei første skissene som vart presentert grunneigarane, kom det i tillegg tre delanlegg: Dagsturhytta, TIN-camp og hundeparken. Prosjektet har fått utvikle seg undervegs takka vere god dialog med grunneigarane av området der elementa er plassert.

Brei kompetanse i styret gjev mindre behov for ekstern kompetanse

Styret i Trivselsskogen SA, med undergrupper, er breitt samansett. Dermed har ein hatt det meste av kompetanse inhouse. Ved etablering av Fosseteateret og bygging av ståltrappene vart det henta inn ekstern kompetanse. Det har ikkje vore arkitektar inne i biletet, og heile skogen er bygd etter idéar og skisser frå initiativtakar Knut Roger Nesdal.

Utfordringar, lærdommar og verdifulle erfaringar

Eit kvart prosjekt har sine utfordringar som ein kan hauste mykje lærdom av. Sett i ettertid kunne ein hatt endå større kommunikasjon med alle grunneigarane under heile prosessen. Ein hadde tett dialog med dei som eigde grunn der det er bygd element, men burde også informert alle dei andre grunneigarane i området at det føregår ting på andre teigar. Ei erfaring er at det kan aldri verte for mykje dialog og informasjon til grunneigarane. Når ein kjenner resultatet av Trivselsskogen i dag, kunne det også vore smart at heile området vart regulert før ein gjekk i gang.

Sett av nok tid til planlegging

Den viktigaste erfaringa frå bygginga, er å sette av nok tid til planlegging. Bygging starta ikkje før alt av papirarbeid og søknader var i orden og innsendt. Om Trivselsskogen skulle vorte bygd på nytt, ville det mest vorte gjort på same måte, med unntak av at reguleringsplan skulle vorte laga for heile området. 

5. august 2021 – Brann på TIN-camp

TIN-camp vart bygd for å ha ein trygg plass å brenne bål og lage mat. Sjølv med alle førehandsreglar på plass, brann fire bygningar ned 5. august 2021. Heldig vindretning, rask varsling frå Nikolai Sele og Hanne Øren, superdyktig brannvesen og masse flaks gjorde at omfanget ikkje vart større.

Brannen oppstod som følge av at ein nyleg nytta eingongsgrill vart kasta i den einaste søppelbøtta i heile Trivselsskogen. Eingongsgrillen var ikkje tilstrekkeleg sløkt med vatn, og dermed tente han på søppelbøtta. Brannen spreidde seg raskt.

Brannen avdekka noko ein trudde, men som ikkje var dokumentert: Viktigheita av Trivselsskogen for folk flest. 21 timar etter at brannen vart meldt, var heile området rydda og klart til gjenreising. Nøyaktig to månadar seinare var 400 000 kr samla inn og det var lagt ned 1200 nye dugnadstimar. TIN-camp opna på nytt med tre nye gapahukar, toalett og servicebygg. Folket ville ha TIN-camp og skogen tilbake slik han var så raskt som mogleg. Dette er syner kor viktig anlegget har vorte for lokalbefolkninga.

Økonomi og finansiering

Prosjektet har ein byggekostnad på om lag 11 millionar kroner, i tillegg til at det har vorte lagt ned over 14 000 timar dugnadsarbeid. I byggekostnadane inngår materialar, varer som er innkjøpt til prosjektet, innleigde maskinar og konsulentarbeid med tanke på prosjektering og kvalitetssikring.

Byggekostnadar

Omtrentlege kostnadar på dei ulike elementa, eks. dugnadsarbeid:

  • Hundepark: 100 000 kr

  • TIN-camp: 1 200 000 kr

  • Tufteparken: 800 000 kr

  • Draumekvila: 800 000 kr

  • Utsikten: 600 000 kr

  • Fosseteateret: 1 200 000 kr

  • Stinettverk: 4 500 000 kr

  • Lyssetting: 1 400 000 kr

  • Servicebygg: 300 000 kr

Finansiering

  • Norsk Tipping – spelemiddel: 5,3 millionar kr

  • Andelssal private/bedrifter: 1,8 millionar kr

  • Stiftelsen DAM: 400 000 kr

  • Nordfjord Hamn: 300 000 kr

  • Midtre Nordfjord Turlag: ca. 200 000 kr

  • Sparebankstiftinga: 350 000 kr

  • Sparebanken Vest: 250 000 kr

  • Gjensidigestiftelsen: 150 000 kr

  • Gloppen Kommune: 750 000 kr (inkl. dagsturhytta, som er kommunal)

  • Momskompensasjon: ca. 1,8 millionar kr

  • Dugnadstimar: Over 14 000 timar

Verdien av dugnadsarbeid

Heile skogen er bygd på dugnad. Totalt 14 000 dugnadstimar er lagt ned. Det er bygd vegar, rydda skog, prosjektert og utført mykje snikkararbeid. I tillegg har mange bedrifter hatt «firmadugnad» i skogen, der dei har kombinert ein sosial dag/kveld med å bidra for fellesskapet. I tillegg er all planlegging og prosjektering av skogen utført av styret på dugnad. Dette timetalet er svært vanskeleg å talfeste, og kjem i tillegg til dei 14 000 registrerte dugnadstimane.

Tar du 14 000 dugnadstimar og multipliserer dette med 350 kroner per time, har ein spart rundt 5 millionar kroner gjennom friviljug arbeid som er lagt ned i skogen. Dette kjem då i tillegg til dei 11 millionane som er brukt av pengar i prosjektet.

Drift

Det er fortløpande vedlikehald i skogen og det meste vert gjort på dugnad. Då det er lagt ned solid kvalitet i anlegget, er det lite med kostnadar forbunde med vedlikehaldet. Det meste går på å halde vegetasjon nede. Dette bidreg mange privatpersonar, skuleklassar og den harde kjerne frå prosjektgruppa til. Anlegget har inntekt frå utleige av TIN-camp, og parkeringsinntekter på om lag 250 000 kr per år. Parkeringsinntektene deler Trivselsskogen med grunneigarane. Pengane går til vedlikehald av parkeringsplassen og skogsvegane.

Det viktigaste for vedlikehald og drift av Trivselsskogen, er tilgang på eige utstyr. Tida og kreftene ein brukar på å hente, låne, leige, spørje og leite etter utstyr ein har behov for, går ut over motivasjonen til å drive dugnad. Difor har Trivselsskogen gått til anskaffing av eige utstyr til vedlikehald. Dette er plassert i servicebygget i skogen, og gjer jobben med å organisere dugnadane mykje lettare. Det tapper heller ikkje krefter på same måte. Bruken av skuleklassar som stiller på dugnad , er også ein superviktig ressurs for Trivselsskogen. Når 25 elevar stiller samtidig, får ein gjort veldig mykje på kort tid, forutsett at dugnaden er godt planlagt.

Driftsutgifter

  • Flising og grusing av stiar
  • Tømming av toalett
  • Brøyting
  • Anna vedlikehald av ting som vert øydelagd

Nøkkelpunkt

Trivselsskogen er eit anlegg som motiverer folk til å komme seg ut. Den viktigaste suksessfaktoren er plasseringa: nært folk. Det er lett å komme seg dit, både som gåande, syklande, med bil eller med kollektivtransport. Ein annan suksessfaktor er at fokuset ikkje utelukkande har vore på stien, men på alt du kan oppleve rundt stiane. Anlegget er av ein kvalitet du ikkje forventar å finne i bratt, utilgjengeleg fjellside. Av den grunn vert det ein kontrastfylt oppleving på ein positiv måte.

Kvalitet på arbeidet og materialval er ein annan suksess som bør framhevast. Anlegget er bygd med kvalitet i alle ledd, og vil forhåpentleg få igjen for dette med tanke på behovet for vedlikehald framover.

Referansar

Artikkelen er basert på informasjon frå idé- og konseptutviklar Knut Roger Nesdal, og informasjon frå Trivselsskogens eiga nettside.