Bilde av bassenga. Her kan vi sjå opplærings- og treningsbassenget. Bildet er tatt frå tribune.
Bilde av Vossabadet som ligg rett ved idrettsplassen.
Bilde av Vossabadet frå Voss kirke.
Bilde av stupebassenget og garderobane.
Bilde av treningsbassenget
Bildete av vrimlearealet i andre etasje. Herfrå er det god utsikt over idrettsplassen.

Vossabadet

Separate basseng for stuping, symjing og opplæring gir auka bruk og fleksibilitet

Vossabadet er eit komplett symjeanlegg med 25 m-basseng, eit eige stupebasseng og eit basseng for opplæring. Med desse tre bassenga fyller anlegget behova for både lovpålagt symjeopplæring, arena for idrett og for folkehelsa. Og med eit eige basseng for stuping, står vossingane klar for å byggje eit godt stupemiljø i ekstremsportbygda. Anlegget er tilrådd av Norges Svømmeforbund.

Bakgrunn

Som ei lita vestlandskommune, var det lenge ikkje noko anna symjebasseng i Voss enn eit skulebasseng på Voss barneskule. Dette bassenget vart brukt til alt av symjeundervisning i grunnskulen, symjetreningar i regi av Voss IL og stupetrening. Bassenget var av den grunn slite, så symjegruppa hos idrettslaget i Voss starta i 2015 ein innsamlingsaksjon for eit nytt symjeanlegg: Vossabadet.

Innsamlinga vekka stort engasjement i heile bygda, og politikarane såg straks behovet for eit nytt basseng. Det var også brei politisk einigheit om å etablere eit komplett symjeanlegg, i staden for å berre halde seg til eit basseng for trening. Etter rask politisk handsaming, starta bygginga i august 2016, og i september 2017 vart bygget overlevert frå totalentreprenør Constructa til byggherre Voss herad.

Opninga av symjeanleggetanlegget var ein stor dag for bygda, og anlegget har vorte ein sentral samlingsplass for heile Voss, ikkje minst for dei ivrige symjarane i Voss IL.

Anlegget

Vossabadet ligg sentralt plassert i Vossevangen, som er administrasjonssenter og den største tettstaden i Voss herad. Badet er plassert som ein del av idrettsparken, som også ligg rett ved sida av Voss gymnas, ungdomsskule og vossaelva Vosso. Den nærmaste naboen til bygget er kyrkjegarden, som vi skal sjå at har påverka den arkitektoniske stilen til bygget i aller høgste grad.

Kommunal medverknad gav høgare ambisjonar

Etter at Voss herad engasjerte seg i planane for den nye symjehallen, auka ambisjonsnivået drastisk, særleg med tanke på fleirfunksjonsalitet, berekraft, estetikk og omfang av hallen. Det var eit ønske frå kommunen å etablere eit komplett basseng for symjeopplæring for alle skuleelevar i kommunen, som også tilfredsstilte alle behova frå idretten. I tillegg trong Voss eit symjeanlegg for fritid og rekreasjon, så det vart også lagt til rette for sklier, badstove og ein rekkje andre fornøyelege element.

Politikarane i Voss hadde altså ein tydeleg visjon for anlegget, der dei samanfatta fire berande grunnpilarar for prosjektet:

  • Eit bygg med respektfull tilnærming til gravplassen i vest, openheit og dynamikk mot idrettsbanen og skuleanlegget i nordøst.
  • Skape eit flott, funksjonelt og solid bad for vossingar og besøkande; eit bad for heile familien.
  • Kostnadseffektive basseng med god universell utforming.
  • Eit bad som sikrar symjeopplæringa og det idrettslege på̊ ein god måte.

Med bakgrunn i både visjonar og behov, vart det vedtatt at anlegget skulle innehalde tre ulike basseng: eit basseng for opplæring, eit basseng for trening med lengde 25 meter, og eit eige stupebasseng. Bassengfordelinga har gitt eit anlegg der alle bassenga vert utnytta til det fulle gjennom heile opningstida til anlegget. Dette har vorte framheva som det beste ved dette anlegget.

Tre basseng for optimal utnytting av anlegget

Bassenget for opplæring vert nytta av både skular, sjukeheim, fysioterapitenester og organisert trimaktivitet. Botn av bassenget har hev/senk-moglegheit og løfteplatform, for enkel tilkomst for brukarar med funksjonsnedsetjing. Desse tiltaka gir eit basseng som både er universelt utforma, men også svært godt tilpassa opplæring og terapi for pasientar og skuleelevar. Vasstemperaturen ligg på omtrent 30 grader, og bassenget er ope gjennom heile opningstida til anlegget.

Plasseringa av bassenget for opplæring er til etterfølging, då dette bassenget er plassert under eit av dei tekniske romma. Det gir langt lågare takhøgd enn resten av bassenga, mindre støy og meir intimitet. Særleg instruktørane er godt fornøgde med denne løysinga, då stemmebruk og støy vert langt meir behageleg. 

Bilde som visar stupebassenget og opplæringsbassenget.
Opplæringsbassenget som ligg til høyre har langt lågare takhøgd enn stupebassenget. Det gir gode omgivnadar og ein rolegare atmosfære. Foto: Pål Hoff, HLM Arkitektur.

Bassenget for trening er berekna vidarekommen symjeopplæring og organisert symjetrening i regi av Voss IL. Bassenget er eit komplett 25-metersbasseng med banar som er merka opp, temperatur på omtrent 27 grader og startblokkar. Det som har vorte framheva som det beste ved dette bassenget er at stupetårna er lagt til eit eige basseng, i staden for som ein del av 25-metersbassenget. På den måten kan det vere aktivitet i bassenget gjennom heile dagen, utan avbrot frå stuparane. Det har vore viktig for å kunne tilby symjetreningar kvar ettermiddag gjennom heile uka, som har gitt auka medlemstal og fulle symjekurs.

Eit eige basseng for stuparane

Vossabadet har eit eige stupebasseng med djupn på heile 3,85 meter, som gjer det mogleg å stupe uavbrote gjennom heile dagen. Bassenget har tre hoppetårn med høgde 1,3 og 5 meter. Mellom kvar av avsatsane er det god plass, slik at alle tårna heldes opne heile tida. Hopptårnet vert også nytta som ein del av vassklia, der trappa opp til 5-meteren fører deg til både hoppkanten og sklieinngangen.

At ein valde å etablere eit eige stupebasseng har vore viktig for Vossabadet, særleg på dagar med mykje besøk. Det har mogleggjort full aktivitet i alle bassenga gjennom heile dagen. Dessutan har stupebassenget lagt til rette for organisert stupetrening og eit nytt stupemiljø i vestlandsbygda.

Romprogram og planløysing

Etter at Voss Herad kom på banen for etableringa av symjehallen, satt dei eit klart ynskje om at Vossabadet skulle verte ei storstove forheile bygda; ein samlingsplass og rekreasjonsområde. Gode løysinger for å oppnå nettopp dette var derfor blant dei viktigaste krava under prosessen for anbod, og vart tungt vektlagt då totalentreprenør og konsept skulle verte valt. Vinnande totalentreprenør Constructa la betydelege ressursar i å sørge for ei god planløysing, der målet var eit inkluderande og lyst anlegg med godt samspel med natur og andre bygningar rundt.

Anlegget er delt inn i to hovudsoner: tørr og våt sone.

Tørr sone:

Her finn vi hovedinngangen, som vart utforma på ein tydeleg og innbydande måte. Byggherre valde her å sløyfe litt parkeringsområde til fordel for eit tydeleg inngangsparti, då hallen er meint til å stå fram som eit sterkt møtepunkt.

Rett innanfor hovudinngangen finn vi eit fem meter langt vindfang for å ta unna den verste skiten, og dessutan redusere varmetap. Dette var eit av tiltaka for å redusere oppvarmingskostnader og redusere behovet for reingjering i våt sone. Under heile prosessen har det vore eit klart mål for byggherre at våt sone skal vere så rein og isolert som mogleg.

Bilde av inngongspartiet til Vossabadet. Her kan man se ein forseggjort inngang med godt vindvang.
Det var viktig for arkitektane at anlegget skulle ha eit tydeleg inngangsparti. Det vart løyst ved at ein drog andre etasje over sjølve inngangen, og laga eit breitt og stort vindfang. Foto: Pål Hoff, HLM Arkitektur

I fyrste etasje finn vi ein kiosk og resepsjon, som kan verte betent frå både våt og tørr sone. Denne er flittig brukt under arrangement, og bringer gode inntekter til klubbkassa. I tillegg finn vi eit stort vrimleareal med god utsikt over idrettsparken, der mellom anna friidrettsbanen ligg. Innsynet til bassenga er her bevisst redusert: Frå vrimlearealet får ein kun eit lite gløtt.

Dersom du har billett inn i symjebassenga, går du vidare inn i gangen med garderobar. Her finst damegarderobe, familiegarderobe, herregarderobe og ein garderobe for dei med multifunksjonsnedsetjing. Alle desse har ein skogarderobe ved inngangen og utgang rett ut i sjølve bassenghallen. Garderobane fungerer dermed som det tydelege skiljet mellom tørr og våt sone, og det er lagt stor vekt på skjerming med tanke på innsyn. Garderobane har 34 garderobeskap, toalett og rikeleg med stikkontaktar til hårfønar.

Familiegarderoben finst mellom dame- og herregarderoben, og garderoben for brukarar med multifunksjonsnedsetjing er plassert heilt i enden av korridoren, der det er ein eigen inngang. Dette sikrar korte avstandar for brukarane og lite bevegelse av andre gjestar. Garderoben for brukarar med multifunksjonsnedsetjing har gode løysinger for både HC-dusj og -toalett, og leier direkte ut til bassenget for opplæring.

Plantegninger for anlegget er vedlagt under "Last ned". 

Våt sone

Frå garderobane vert du leia rett inn til bassenghallen, der alle bassenga ligg på rekkje, parallelt med garderobane i tørr sone. Det gir ein optimalisert utnyttingsgrad av arealet, ved at gangsonene til bassenga overlappar einannan. Det gir mindre ubrukt nettoareal og betre plass. Løysinga oppfyller også minimumskrava i rettleiaren for å kunne motta tippemidlar, som var eit viktig premiss for å lande prosjektet.

Det er stålbasseng i alle dei tre bassenga, og bassenget for opplæring har hev-/senk-botn med djupn frå 0-1600mm.

Anlegget skal også vere innbydande for dei som vil leike seg i vatnet, og det vart derfor etablert ein vassklie frå 5-metaren. Denne svevar over det store treningsbassenget som eit filter mellom ute og inne, godt synleg for ivrige oldeforeldre som ikkje lenger tør å bade sjølv, men som nå sit på tribunen og klappar. Ein nyttar same trapp til stupetårnet som til sklia, som dermed får ein fallhøgd på 5 m. Startpunktet for sklia har eit signalanlegg for køordning som er lett synleg for badevakten og resten av bassengområdet.

Andre etasje

I andre etasje finst eit stort vrimleareal, møterom, kontor, velferdsrom og tribunar med god sikt ned til bassenget for trening og konkurranse. Tribunane har plass til 150 tilskodarar, med moglegheit for å utvide til 200 i framtida. Tribunen har også tilkomst frå andre etasje.

I tillegg til fyrste og andre etasje, har anlegget også ein underetasje for teknisk drift.

Prosessen

Prosessen for eit nytt symjeanlegg starta i symjegruppa hos Voss IL, det var stort behov for eit nytt basseng. Det nedslitne bassenget på barneskulen var både dårleg og gammalt. Dessutan ville symjegruppa byggje eit større symjemiljø. Det var mellom anna eit ynske om meir medverking og nærvær frå foreldre, kioskdrift og moglegheit for å arrangere konkurransar.

For å få realisert ynsket om eit nytt symjebasseng starta idrettslaget ein innsamling som fekk inn 14 millionar kronar. Samstundes som innsamlinga helde på, hadde idrettslaget også dialog med Voss Herad, med formål om å lufte interessa for eit kommunalt anlegg. På grunn av den dårlege bassengkapasiteten og at skulebassenget var svært nedslite, var kommunen interessert i å bidra til anlegget, og ein politisk prosess starta like etter.

Under den politiske behandlinga vart det vedtatt at det skulle verte bygd meir enn berre eit basseng for trening, då kommunen hadde behov for betre kapasitet for symjeopplæring og eit terapibasseng. Av den grunn vart dei tre bassenga bygd. Stupebassenget kom på plass etter ei rådgivingsprosess der det vart fastslått at eit eige stupebasseng ville auke bruken i heile anlegget, og leggje til rette for eit nytt stupemiljø. Prosjekteringsfasen starta med eit samspelsmøte, der både innbyggarar i Voss, idrettslaget og andre interessentar kunne kome med sine innspel.

Under heile prosessen var det ein stor fordel for Voss IL at kommunen var med på laget, både med tanke på det finansielle og særleg med tanke på gjennomføringa av prosjektet. Kommunen har god kompetanse på planlegging og prosjektering av store anlegg, og stod som byggherre for anlegget.

Økonomi og finansiering

Symje- og badeanlegg er kostbare anlegg som krev stor kommunal velvilje for å verte vedtatt og gjennomført. Vossabadet har vore ein suksess, ettersom kommunen tidlig tok stort ansvar for det økonomiske og planmessige. Det har gitt god finansiell sikkerheit for prosjektet, sjølv om Voss IL har mått samle inn ein betydeleg sum. Spelemiddelordninga og refusjon av merverdiavgift har vore avgjerande for realiseringa av anlegget. 

Under følger ein oversikt over investeringane:

  • Kommunale midlar: 22,0 mill. kr
  • Innsamla midlar: 13,5 mill. kr
  • Spelemidlar: 30,0 mill. kr
  • Refusjon av mva.:19,8 mill. kr
  • Bruk av overskot på fondsmidlar, 2014 og 2015: 35,7 mill. kr
  • Låneopptak: 12,5 mill. kr

Drift

I underetasjen til anlegget finst rom og maskinar for drift og vedlikehald av anlegget. Bassenganlegg krev ein betydeleg mengde tekniske installasjonar, både for reingjering av vatn, for ventilasjon og for kontroll av pH-verdi, partiklar og temperatur i vatn og luft. Alt av utstyr må inspiserast dagleg, i tillegg til noko vedlikehald av slitasjedelar.

Nokre gongar førekjem det behov for utskifting av store maskinelle delar som krev stor plass. For å løyse dette, har det vorte etablert ei brei sjakt for frakt. Denne løysinga reduserer bruken av tid til utskifting av desse delane.

Når det gjeld sjølve drifta av anlegget, er det eigne kommunalt tilsette som står ansvarleg for dette. Desse har god kompetanse innan drift av anlegg, og har typisk utdanning innan elsystemar, røyrleggar eller liknande. Reinhald gjeres av eit kommunalt firma for reinhald, då dette er ressurskrevjande og krev god spesialkompetanse innan reinhald.

Enklare vedlikehald gjeres av badevertane, der desse typisk driv med enkelt reinhail, kundeservice og tar i vare sikkerheita. 

Kostnad for årleg drift ligg på omtrent tolv millionar kroner, der dette vert dekt av billettinntekter, kommunale tilskot over budsjett og noko bidrag frå idrettslaget Voss IL.

Nøkkelpunkt

Vossabadet har vorte eit vellykka anlegg på grunn av ein rekke faktorar:

  • Eit eige stupebasseng som legg til rette for bruk av alle bassenga gjennom heile dagen uten avbrot
  • Godt skilje mellom tørr og våt sone, og god organisering av garderobane
  • God universell utforming med velykka løysinger for brukarar med multifunksjonsnedsetjing
  • Arkitektur som speler godt med omgivnadane, då særleg kyrkjegarden

Les meir/kjelder

Artikkelen om dette anlegget baserer seg på informasjon frå Voss Herad og anbodsplansjen frå Constructa AS, Sweco Norge AS og HLM Arkitektur. 

Du kan finne meir informasjon om anlegget på Vossabadet.no - heimesida til anlegget