Logo SIAT

Forskingsfronten innan symjehallar

Artikkel frå SIAT (2021)

PhD-prosjektet «Optimizing Energy and Indoor Climate Systems in Swimming Facilities» avdekkjer store manglar i energistyring og luftkvalitet i symjehallar. Forskingsfeltet er fragmentert, med betydelege avvik mellom eksisterande praksis og forskingsanbefalingar. Dette opnar for store forbetringsmoglegheiter som kan revolusjonere drifta av symjeanlegg.

I samband med PhD-prosjektet «Optimizing Energy and Indoor Climate Systems in Swimming Facilities» (1), som NTNU-forsker Ole Øiene Smedegård forsvarte i juni 2023, vart det gjennomført ein omfattande litteraturstudie av forskingsfronten for symjehallar (2). I denne studien vart all tilgjengeleg forskingslitteratur – i kontekst av VVS-teknikk i symjehall – kartlagt og satt i samanheng. Studien fann eit særs fragmentert forskingsfelt, med mange forfattarar, der kun eit fåtall har meir enn ein publikasjon. I tillegg vart det observert eit stort avvik mellom gjeldande anbefalingar for teknisk utføring, og anbefalingar i forskinga.

Auka fokus på energisparing

I løpet av dei siste tiåra har fokuset på tiltak for energisparing i bygningar auka betrakteleg, blant anna på grunn av press frå Europakommisjonen. Dei har stått i bresjen for implementering av det såkalla bygningsenergidirektivet, som ga instruksjonar til medlemslanda om korleis energiforbruket i bolig- og yrkesbygg skulle reduserast. For Noreg si del, har arbeidet med å gjere byggjesektoren meir energieffektiv, medført ei suksessiv innskjerping av byggeforskriftene dei siste åra, der ein del av krava er innført med forenklingar.

Kva er Bygningsenergidirektivet?

Bygningsenergidirektivet er eit EU-regelverk som fokuserer på å forbetre energieffektiviteten i bygningar. Det set strenge krav til energiytelse, krev energisertifikat for bygningar, og fremjar bruken av fornybar energi. Direktivet er eit viktig steg mot ein meir energieffektiv og berekraftig bygningssektor i Europa.

Direktivet blei fyrst vedtatt i 2002, men har heile tida gjennomgått fleire revisjonar, seinast i 2018. Hovdumålet er å forbetre energieffektiviteten i bygningar i EU.

Krav frå direktivet:

  • Alle nye bygningar skal vere "nesten nullenergibygg" innan 2020.
  • Energisertifikat for bygningar ved sal eller utleige.
  • Regelmessig energivurdering av oppvarmings- og luftkondisjoneringssystem.

Nasjonale planar: Medlemslanda skal utvikle nasjonale planar og mål for energieffektivisering.

Hovudformål:

  • Redusere energiforbruket i bygningssektoren.
  • Redusere klimagassutslepp.
  • Fremje bruk av fornybar energi.

Kjelder:

  • Europakommisjonen. (2024). Energy Performance of Buildings Directive. Henta frå European Commission
  • European Commission. (2023). Commission welcomes political agreement on new rules to boost energy performance of buildings across the EU. Henta frå European Commission

Sjølv om forenklingane har vore viktige for innføringa av direktivet i Noreg, er røyndommen den at dei for symjeanlegg undergrev formålet. Energibruken knytt til kjernedrifta skal nemleg ekskluderast ved evaluering av energiyting. 

Kjernedrifta representerer hovuddelen av energibruken i bygningskategorien symjehallar tilhøyrer. Energibruken knytt til drift av anlegget er med andre ord ikkje regulert. Vidare er retningslinjene for planlegging og drift av denne typen anlegg utdaterte, samstudes som forskingsomfanget vert oppfatta som lite. Desse aspekta medfører at det er eit betydelig potensial til å forbetre kunnskapen om denne bygningstypen.

Forskingsomfanget 

Forskingsomfanget innan dette temaet er dominert av områda solvarme for utendørsbassenger, energiforbruk og luftkvalitet, der det innan energibruk er to miljø som framstår med dedikert forsking. Det eine er lokalisert i Melbourne, Australia, medan det andre miljøet er NTNU Senter for idrettsanlegg og teknologi i Trondheim, som forfattaren av artikkelen tilhøyrer.

Viktigheita av luftutskifte og renseteknikk

For VVS-anlegg i symjeanlegg, blir viktigheita av godt luftutskifte og at val av renseteknikk understreke. Her leggjes det til at desse vala vil ha store konsekvensar for luftkvaliteten i symjehallen. Her er eit døme:

  • Både nasjonale og internasjonale anbefalingar har tradisjonelt omfatta viktigheita av å ikkje ventilere symjarens opphaldssone, då dette vil auke energibruk og fordamping. Dette er i strid med anbefalingar frå forskinga, der viktigheita av ei høg frisklufttilførsel er understreka.

I tillegg gir dei fysiske eigenskapane til dei skadelege desinfeksjons-biprodukta føringar for korleis ventilasjonsterminalane bør plasserast i slike rom. Samla sett så er det i forskinga etablert eit godt grunnlag for ei omarbeiding av gjeldande anbefalingar for utforming av ventilasjonsanlegg i symjeanlegg. 

For god luftkvalitet i symjehallar så er fyljande hovudfokus viktige:

  1. Forbetre ventilasjonseffektivitet.
  2. Maksimere friskluftstilførsel.
  3. Fjerne desinfeksjons-biprodukt så nær kilda så mogeleg (lågt).

LES MEIR: Desinfiseringsprosessens virkning på luft- og vannkvaliteten i svømmehall – godeidrettsanlegg.no (publisert 06.02.2017)

Energibruk i Symjeanlegg

Når det gjeld den andre hovudkategorien, energibruk, er det gjennomført viktig grunnlagsforsking der energibruken for norske anlegg er kartlagt, samt at ulike EPI’ar (energy performance indicators) er undersøkt og evaluert. For Noreg er energibruken i denne bygningskategorien svært høg samanlikna med andre bygg, og det er stor variasjon mellom anlegga. Dette gjeld uansett EPI. Det er derimot funne at energibruken er best representert ved ei normalisering mot besøkstall.

Når det gjeld energisystemet, er det funne at dei beste anlegga er dei anlegga med størst omfang av energigjenvinning. Dette kan også vere ein del av forklaringa på stor variasjon i energibruk, då dette omfanget er svært ulikt, samt at auka omfang av teknisk utstyr også medfører høge krav ved design og engineering. I tillegg er desse anlegga sårbare i drift, då feil og avvikande drift kan medføre store energiutgifter. Kvaliteten på drifta er spesielt viktig i denne typen bygg for ei energieffektiv og sunn drift av anlegget.

Artikkelen er basert på funna presentert i publikasjonen «Optimizing Energy and Indoor Climate Systems in Swimming Facilities». Heile den artikkelen kan lastast ned i menyen til høgre. 

Liknande artiklar og publikasjonar finst i "Relatert innhald"-seksjonen. 

Referansar

(1) Smedegård OØ. Optimizing Energy and Indoor Climate Systems in Swimming Facilities. Trondheim: Norwegian University of Science and Technology; 2023.

(2) Smedegård OØ, Aas B, Stene J, Georges L, Carlucci S. Systematic and data-driven literature review of the energy and indoor environmental performance of swimming facilities. Energy Effic. 2021;14(7):74.