Logo NTNU

Utforming av rulleskiløyper – velfungerande for alle

Masteroppgåve frå NTNU 2013

Denne masteroppgåva har hatt som mål å kunne bidra til å byggje velfungerande rulleskiløyper tilpassa flest mogleg. I rapporten blir det gitt forslag til utforming av løypene. Utforminga er basert på eksisterande retningslinjer til utforming av ski- og rulleskiløyper, testing av ni ulike løyper, spørjeundersøking av brukarane i desse løypene og intervju av utbyggjarar .

Samandrag

Med målsetting om velfungerande rulleskiløyper tilrettelagt for flest mogleg, gir rapporten forslag til korleis løypene bør utformast. Forslaga baserer seg på eksisterande retningslinjer til utforming av skiløyper og rulleskiløyper, testing av ni ulike løyper, intervju med utbyggjarar og til sist, men viktigast, spørjegranskingar til brukarane av dei ni ulike løypene.

Påstandane om at løypene ofte vert for tøffe, spesielt for breiddeidretten, og at løypene må ha eit større omsyn til sikkerheit, er testa. Det er funne at begge påstandane stemmer.

Eksisterande retningslinjer er stort sett krav til konkurranseløyper i langrenn og skiskyting. Det er funne at det er smart å følgje nokre av desse retningslinjene, men at det må gjerast med forsiktigheit, eller så kan løypene bli for tøffe.

Korleis bør svingar utformast?

Testinga som er gjort går hovudsakleg på teknisk krevjande svingar. Dette er svingar med relativt liten radius som blir køyrt i høg fart. Det er gjort oppmåling av fart, radius, bogelengd, bredde og dosering. Brukarane sine og underteikna si vurdering av svingane avgjer i kva grad dei er ideelt eller mindre ideelt utforma. Oppmålingane med vurderingar dannar eit datagrunnlag for korleis svingar bør utformast.

I spørjegranskingane gir brukarane si vurdering av, ikkje berre svingar, men også motbakkar, utforbakkar, deler av - og heilskapen med løypene. Det er gjort grafiske samanlikningar av svara for å finne grenseverdiar for utforming av dei omtalte elementa og løypene i sin heilheit. I tillegg er kommentarar nytta som innspel, spesielt til forbetra sikkerheit.

Brukargruppene likar ulike utfordringar

Frå brukargruppene ser ein at born frå 10 til 16 år likar fart og spenning og ein del, men ikkje for mykje, stigning. Mosjonistar likar motbakkar, men ikkje høg fart like godt, og synst at utforbakkar og svingar bør vere enkle å køyre. Senior/elite og juniorar likar løyper med konkurransespesifikke parti, men ønskjer også lettare parti til rolegare trening.

Frå ferdigheitsnivåa ser ein at universelt utforma sløyfer høver bra til innlæring og er derfor høveleg for nybegynnarar. Vidarekomne er like på mosjonistar i meiningane om utforbakkar og svingar. Dei er glade i motbakkar, men ønskjer noko lettare løyper. Godt øva likar løypene stort sett som dei er.

Ulike løyper i Noreg

Løypene Øverby og Holmenkollen har skilt seg ut som definitive ytterpunkt, der Øverby er for lett og Holmenkollen for krevjande. Knyken og Birkebeineren har utmerka seg positivt i å nå målsettinga. Birkebeineren favoriserast, då løypa er noko betre på differensiert løypenett for ytterpunkta av brukarar.

Tilrådingar

Av grenseverdiar er det funne at løypene bør ha både kategori A og B stigningar, men mot nedre del av konkurransekrava, og helst ikkje over 15 % helling. Den lengste varianten av løypa bør ha total stigning per kilometer rundt 30 m, maksimalt 35 m. Då er universelt utforma sløyfer ikkje rekna inn. Total stigning bør bli lagt mot nedre grense av konkurransekrava i forhold til løypelengda.