Logo Høgskolen i Innlandet

Kostnadsestimering for snølager

Bacheloroppgåve frå 2019

Oppgåva gjev ei oversikt over kostnadar knytt til å lagre snø over sommaren. Kostnadane blir delt inn i aktivitetane; snøproduksjon, forming, tildekking, avdekking og utkøyring. Oppgåva ser og nærmare på kva metode for tildekking, med sagflis eller tekstilduk, som er den mest kostnadseffektive.

Samandrag

Det har blitt større interesse for snøproduksjon og snølagring dei siste åra. Snøsesongen har blitt meir usikker på grunn av eit varmare klima, derfor ser ein at det no er fleire skianlegg som sikrar seg snøgaranti med snølager. Arrangørar av store arrangement som til dømes verdscup, er avhengige av å ha snøgaranti.

Dekkematerial

Det er i hovudsak to material som blir brukt til å dekke eit snølager; sagflis eller tekstilduk. Denne oppgåva vil sjå nærmare på kva for eit av desse dekkemateriala som gjev dei minste kostnadane. Årsaka til at ein ønsker å studere denne skilanden er usikkerheita rundt kva metode som er mest lønnsam. Sjølv om tekstilduken ikkje er like god med tanke på isolering som flis, er det andre faktorar som kan gjera den meir lønsam totalt sett. Det er mange element som spelar inn på dei totale kostnadane for eit snølager. Prosessen startar med at ein produserer ein stor haug med snø, så formar ein haugen optimal til ein halvsylinder før ein dekker det med det valde dekkematerialet. Etter at snøhaugen har stått over sommaren og det har smelta vekk ein del snø, kan ein ta av dekkematerialet og ta i bruk snøen til det formålet ein ønsker.

Kostnadsmodell

I oppgåva har det blitt utarbeida ein modell som visar kostnadane ved dei ulike aktivitetane med eit snølager. Denne modellen er basert på ulike teoriar og på data som er henta inn gjennom studiet. Det har blitt brukt ulike scenario for å teste dei to dekkemateriala opp mot kvarandre. Fordelane med tekstilduk som dekkemateriale er at arbeidet med å ta på og av dekkematerialet er lettare og dermed billigare. I tillegg er sjølve dekkematerialet billigare og har ofte ei lengre levetid. Det som er positivt med sagflis er at ein kan produsere eit mindre volum med snø og produksjonskostnadane vert dermed lågare. I tillegg treng ein færre timar med produksjon, dersom det er problematisk å få mange nok dagar med kulde.

Valg av dekke må tilpasses lokale parametre

Oppgåva konkluderer med at det er vanskeleg å slå fast om det eine dekkematerialet er billigare enn det andre utan å ta nokon antakelsar. Det ein derimot har sett gjennom resultata er at sagflis som regel er billigast ved små snøvolum og tekstilduk er billigast ved store snøvolum. Kvar dette skillet går varierer ut ifrå lokale parametre. Når ein i denne oppgåva gjekk ut frå eit kaldt vinterklima, vart skjeringspunktet for dekkemateriala på nesten 15 000 m3 med snø.