No er det avgjort kva kommunar som har fått innvilga søknadene sine om tilskot frå Kulturdepartementets ordning for nyskapande aktivitetsarenaer.
Artikkelen er mer enn 3 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Tilskotsordninga for nyskapande aktivitetsarenaer skal stimulere til nytenking og kreativitet ved utforming av anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet over heile landet.
– For å motivere fleire til å drive fysisk aktivitet må vi utvikle nye, attraktive anleggstypar for eigenorganisert trening og aktivitet, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.
– Denne ordninga skal skape attraktive møteplassar der ein kan sykle, skate, klatre, drive styrketrening og mykje anna. Dei elleve anlegga som no får tilskot er gode eksempel på anlegg der ein kan utfalde seg på ulikt vis, men dei er også utforma som gode møteplassar. Anlegga kan tene som inspirasjon for andre kommunar og anleggsutbyggjarar. Tilskota går også i år til både små og store kommunar over heile landet, seier kultur- og likestillingsministeren.
Søkarkommune | Beløp (kr) |
---|---|
Bardu kommune | 4 000 000 |
Hamar kommune | 4 000 000 |
Lier kommune | 2 500 000 |
Meløy kommune | 2 000 000 |
Oslo kommune (undervisningsbygg) | 3 252 000 |
Sandnes kommune | 3 650 000 |
Skien kommune | 3 100 000 |
Stord kommune | 4 000 000 |
Trondheim kommune | 4 000 000 |
Vågan kommune | 4 000 000 |
Ål kommune | 2 685 000 |
Totalt | 37 187 000 |