Åtte biljardbord i et åpent rom med vinduer i Hyllestadhallen
Åtte biljardbord i et åpent rom med vinduer i Hyllestadhallen
Barn og ungdom spiller biljard
Snookerbord
Kantina med kjøkken i bakgrunnen
PC på pult, med vindu til biljardhallen
Idrettshall og biljardhall
Det norske flagget skal heises opp av to personer utenfor Hyllestadhallen.
Konsert i idrettshall

Hyllestadhallen biljardhall

Ein hall som står i stil med dei idrettslege prestasjonene!

Langt vest, heilt ytst i Sognefjorden, finn ein den vesle kommunen Hyllestad. Kommunen, med omtrent 1300 innbyggjarar, er kjend for å ha eit av landets beste biljardmiljø. No har også kommunen fått ein hall som står i stil med dei idrettslege prestasjonane. Ein hall av ypparste kvalitet! Anlegget er tilrådd av Norges Biljardforbund.

Bakgrunn

Formålet med anlegget var å skape gode rammer for fysisk aktivitet, samt skape ein sentral møteplass for innbyggarane i kommunen. Hyllestad biljardklubb, som er ein av landets mest suksessfulle, hadde også bruk for større areal, samt eit ønskje om eit anlegg der ein kunne arrangere nasjonale meisterskap.

Anlegget

Hyllestadhallen ligg sentralt i Hyllestad kommune, i Vestland fylke (tidlegere Sogn og Fjordane). Hyllestad idrettslag hadde eit medlemstal på 368 i 2019. Idrettslaget er eit allsidig breiddeidrettslag, som samstundes har klart å etablere seg i landstoppen i biljard over lengre tid, med mellom anna ein europameister.

Fleirbruksanlegget inneheld mellom anna

  • Fleiridrettshall (normalhall) 25 x 45 meter (1 185 kvm), som kan delast inn i tre delhallar. Den midtre delhallen kan gjerast om til kultursal med tribune, scene, lys og lyd, i løpet av ein time eller to.
  • Aktivitetssal – biljard (ca. 250 kvm)
  • Aktivitetssal – styrketrening, spinning, aerobic, bogeskyting (150 kvm) 
  • Sosialt rom (106 kvm)
  • Garderobar
  • Klubblokale, lager og kontor
  • Lita kantine

Prosessen

Anlegget er kommunalt og byggeprosjektet blei utført som totalentreprise.

Planar om bygging av fleirbrukshall vart tekne med i kommunal plan for 2011, men då med planar om ein liten fleirbrukshall. Dette vart oppgradert til normalhall i kommunal plan for 2016-2019. April 2018 var byggestart for prosjektet, og hallen stod ferdig i august 2019.

Sjå òg denne presentasjonen frå Vestland idrettskrets og Vestland fylkeskommunes Anleggskonferanse 2019:

Behovsvurdering og medverknad gjev betre planar - Vestland idrettskrets heimeside

Økonomi og finansiering

Totalkostnad på anlegget, inkl. inventar og utstyr, var ca. 56 millionar kroner (inkl. mva). Biljarddelens totalkostnad: Ca. 6 millionar kroner.

Anlegget blei finansiert av:

  • Spelemiddeltilskot: 14,6 mill. kr
  • Kulturbyggmidlar: Ca. 1 mill. kr
  • Gåver/sponsorar/stiftelsar: Ca. 3 mill. kr
  • Mva-refusjon: Ca. 8 mill. kr

Netto Hyllestad kommune: Ca. 30 mill. kr.

Drift

I 2022 var driftskostnadane for heile anlegget, dvs. ikkje kun biljardhallen, 709 000 kr. Av dette er det anslått at biljardhallen utgjer om lag 100 000 kr. Denne driftskostnaden inkluderer straum, reinhald, service og alt anna knytt til drift og vedlikehald. Kapitalkostnadane kjem i tillegg: Dei er ikkje inkludert i driftsbudsjettet. 

Nøkkelpunkt

Kva er det som gjer Hyllestadhallen til eit godt biljardanlegg?

Det er ein kombinasjon av gode lokale, godt utstyr og plassering. Idrettslaget har vore involvert både i forprosjekt og i hovudprosjektet der dei har fått vore med å teikna romløysing for åtte biljardbord og eit snookerbord.

Kva er det andre som ønskjer å bygge eit biljardanlegg tenke på?

Det er viktig å få på plass god ventilasjon og helst med moglegheit for kjøling på varme dagar. Biljard er ein idrett der det kan bli 12 timars dagar i salongen, og då er god luft og riktig temperatur viktig. Det same er godt lys. I Hyllestadhallen har ein valt ei løysing med eigne lampar over borda og taklys som kan dimmast. Men, det aller viktigaste er biljardborda. Bord av beste kvalitet, og god plass rundt borda, gjer at biljardgruppa er godt fornøgd.

Fleirbruk

Plassering av salongen er også viktig. Salongen ligg vegg i vegg med kantina i hallen, det er fellesareal som aktivitetsrom, møterom, lager og WC i romma like ved biljardsalongen. Alt dette disponerer biljardgruppa på linje med resten av brukarane i Hyllestadhallen.

Det å ha biljardhallen i ein fleirbrukshall, gir biljardgruppa nytte av fleirbruken og då spesielt fellesareala som nemnt ovanfor. I følgje avtalen med kommunen betalar gruppa fast årleg leige inkludert reinhald. Det lettar drifta for idrettslaget mykje. Biljardhallen blir definert som aktivitetssal og ga 1,2 mill. kr i spelemidlar. Totalkostnad vart ca. 6 mill. kr inkludert biljardborda som klubben betalte sjølv (0,6 mill. kr).

Les meir / referansar