Kartlegginga av energitilstanden i symjehallane i Vestfold og Telemark er utført av Ole Øiene Smedegård ved NTNU SIAT. Arbeidet er ein del av samarbeidsavtalen "Utvikling av grøne idrettsanlegg i Vestfold og Telemark", og handlar om å gjere kunnskap tilgjengeleg for betre drift og energieffektivitet i symjehallar.
Store forskjellar – stort potensiale
Kartlegginga viser store forskjellar i energibruk mellom anlegga. Mange manglar system for driftsovervaking og energileiing, noko som gjer det vanskeleg å følgje opp forbruket.
Symjehallar er blant dei mest energiintensive bygningstypane, men studien viser også eit stort potensiale for å spare energi gjennom betre drift og tekniske tiltak.
Om undersøkinga
Totalt vart 40 anlegg kontakta. Driftansvarlege vart følgt opp per telefon, og data vart samla inn gjennom spørjeskjema. Trass tett oppfølging svarte 21 anlegg (om lag 55 %). Mange mindre anlegg hadde utfordringar med å hente ut driftsdata, fordi dei deler energimåling med andre bygg. Dei største anlegga rapporterte data.
Kartlegginga viser også at bygningsmassen består av mange eldre anlegg, og fleire har behov for rehabilitering. Ved neste oppgradering vert det tilrådd å prioritere energileiing og god instrumentering, noko som vanlegvis tener seg raskt inn for denne bygningstypen.
Variasjon i energiytelse
Energiytelsen varierer mykje – frå 1 000 til 3 500 kWh/m² vassflate (VF). Tidlegare studiar viser eit gjennomsnitt på rundt 4 000 kWh/m² VF. Energibruken per besøkande ligg mellom 14 og 77 kWh/besøk, og vassforbruket mellom 30 og 200 liter/besøk. Til samanlikning bør vassforbruket ligge rundt 80 liter/besøk. Den store variasjonen tyder på eit stort potensiale for redusert energibruk og meir optimal drift.
Analyse av fire anlegg
Fire anlegg vart undersøkt meir i detalj. Hovudfunna var:
- Energileiing: Dei fleste manglar gode system for driftsoppfølging og energileiing, noko som også er vanleg nasjonalt.
- Fasade: Termografiske undersøkingar viser mangelfull eller gamal isolasjon, både i nye og eldre bygg. Dette gir høgare energibruk og dårlegare inneklima.
- Teknisk anlegg: God energigjenvinning frå avkastluft og tappevatn er avgjerande for å redusere energibruk, særleg der energiforsyninga er basert på kjøpt elektrisitet eller fjernvarme.
Engasjerte driftsleiarar
Trass utfordringane syner studien at dei fleste anlegga har dyktige driftsleiarar som gjer ein solid jobb innanfor rammene dei har. Symjehallar er komplekse bygg der mange system verkar saman, og god drift krev både kunnskap og engasjement.

