Forsidebilde hvor man ser en opparbeidet grussti med Miljødirektoratets logo.

Stiskulen

Kunnskap om naturvennleg tilrettelegging for stor ferdsel

Norsk natur vert flittig brukt, men masseturismen er dessverre også ein utfordring, då han fører til slitasje på naturområda. Av den grunn har Miljødepartementet, på bakgrunn av Statens naturoppsyn sine erfaringar, utarbeidd eit verktøy med gode tiltak for tilrettelegging på premissane til naturen.

Ein sti skal vise veg til flotte turmål og naturattraksjonar, men også ivareta omkringliggjande naturverdiar, landskapet og dei som brukar stien. Av den grunn må stien opparbeidast med omhug, og verte halden ved like for å kunne takle klimapåkjenningar og stor ferdsel. Stiskulen gir tips om akkurat dette, og korleis ein kan gjennomføre eit stiprosjekt for å sikre naturvennleg ferdsel.

Under finn du ein enkel og fin introduksjonsvideo til Stiskulen.

 

 

Ta vare på den stien du har

Hovudregelen er at ein skal ta vare på stien ein allereie har, slik at han taklar stor framtidig trafikk og svingingar i klima. Dermed er han i stand til å skåne områda rundt mot ukoordinert ferdsel. Om turistar ferdast fritt i terrenget, vil ein ende opp med stiar store som motorvegar, slik ein allereie kan sjå i Lofoten. For å hindre dette må ferdsel kanaliserast i form av godt opparbeidde stiar.

Likevel er det viktig å ikkje leggje meir til rette enn naudsynt, då naturen framleis skal sjå naturleg og ekte ut. Stiskulen gir gode råd og retningslinjer for god balansegang.

 

Eit omfattande verktøy 

Verktøyet til Miljødirektoratet er både omfattande og lettlest, med god informasjon om alt frå enkelt vedlikehald til større stiprosjekt. Her finn du fine døme på alt frå steintrapper og kanalisering av ferdsel, til gangbaner og spalta grussti.

Lenke til Stiskulen: Stiskulen - miljødepartementet.no