Regjeringa har i dag (28.04.2017) fordelt spelemidla til idrettsformål for 2017. Fordelinga vil mellom anna gje styrka satsing på eigenorganisert aktivitet.
Artikkelen er mer enn 3 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Denne pressemeldinga er henta frå regjeringen.no
- Alle menneske skal ha høve til å drive med idrett og fysisk aktivitet. Den organiserte idretten er svært viktig, men stadig fleire ønskjer også å drive fysisk aktivitet utanfor rammene av eit idrettslag. For å vareta måla i idrettspolitikken, må vi legge til rette også for dei som driv fysisk aktivitet på eige initiativ eller saman med andre, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.
Ny tilskotordning for anlegg for eigenorganisert aktivitet
Kulturdepartementet opprettar ei ny tilskotordning, der kommunar kan søkje tilskot til bygging av anlegg for eigenorganisert aktivitet. Det skal setjast av 100 millionar kroner til denne ordninga over dei neste tre åra. For 2017 skal det setjast av 35 millionar kroner.
Anlegga for eigenorganisert aktivitet skal ha vesentlege element av nyskaping. Formålet er å stimulere kommunar til å tenkje nytt når det gjeld bygging av aktivitetsanlegg slik at dei på ein ny og betre måte legg til rette for fysisk aktivitet.
- Eg er glad for at kommunar og fylkeskommunar har prioritert anlegg for eigenorganisert aktivitet dei siste åra. Likevel ser vi at ikkje alle finn anlegg som passar for seg og sin aktivitet. Dette er grunnen til at vi etablerer ei ordning som skal stimulere kommunane til å tenkje nytt når det gjeld bygging av aktivitetsanlegg, slik at ein endå større del av befolkninga blir fysisk aktive, seier statsråd Hofstad Helleland.
Nytt aktivitetstilskot til eigenorganisert aktivitet
Regjeringa vil innføre eit nytt aktivitetstilskot for eigenorganisert fysisk aktivitet gjennom å utvide virkeområdet for tilskotordninga Frifond barn og unge. Det skal setjast av 5 millionar kroner til dette formålet frå spelemidlane til idrettsformål i 2017.
Frå 2017 vil det i Frifond barn og unge vere råd å søkje om tilskot til eigenorganisert aktivitet i form av trening og mosjonsaktivitet utanfor ramma for den medlemsbaserte idretten. Lag og foreiningar tilknytta NIF vil ikkje kunne søkje om tilskot i ordninga.
- Frifond barn og unge er ei støtteordning som gjennom enkle søknads- og rapporteringsskjema, ingen søknadsfrist og kort behandlingstid skal vere lett å bruke. Vi vil at barn og ungdom som driv eigenorganisert fysisk aktivitet utanfor rammene av den organiserte idretten skal kunne søkje om tilskot til denne aktiviteten, seier statsråd Hofstad Helleland.
Fordeling av spillemidler til idrettsformål fra Regjeringen.no