Då Fyresdal kommune skulle byggje idrettshall, augna dei moglegheita til å både redusere klimautsleppa og auke eiga kompetanse ved å byggje hallen i tre. Resultatet: 550 sparte CO₂-ekvivalentar, betydeleg auka kompetanse i kommunen og eit føregangsbygg for trebyggjeri i regionen. Og ikkje minst: Ei eiga hall for idrettsmiljøet i Fyresdal!
Anlegget er henta frå klimasatsprosjekta til Miljødirektoratet.
Endeleg idrettshall
Idretten i Fyresdal hadde lenge ønsket seg ei eiga idrettshall, og i 2020 sto endeleg Førsdalshallen ferdig. Med eit idrettsgolv av internasjonal standard på 1 125 m², vert hallen den nye storstova for idretten i Fyresdal kommune. Golvet er merka for badminton, basketball, handball, innebandy og volleyball, og innbyr dermed til eit breitt spekter av aktiviteter.

Massiv- og limtre
Det er likevel ikkje hallen i seg sjølv som stikk seg ut, men måten han vart bygd. Fyresdal er ein skogkommune, og fyresdølane innsåg at massivtre og bærekonstruksjon av limtre var ei svært kurant løysing for den nye idrettshallen. Ettersom trevirke er ein fornybar ressurs som absorberar CO₂ medan han veks, er miljøinnsparinga samanlikna med betong og stål betydeleg. Det er berekna at bruken av tre framfor betong og stål sparte miljøet for så mykje som 550 tonn CO₂-ekvivalentar!
Kommunen ønsket ikkje synlege bæresøyler på innsida av bygget. Bærekonstruksjonen i limtre vart derfor lagt inni eller på utsida av veggen. Dermed har veggane ei slett og fin overflate innvendig. Dette fremhevar ikkje berre estetikken i trevirket, det bidreg òg til at ein slepp innvendige dragarar som står i vegen for ballar eller aktivitet langs veggane. Elles er limtredragarane i himlinga òg imponerande: Dei er 180 cm høge og har eit spenn på heile 26 meter!

Til tross for regionens skogsindustri, er industrielt trebyggjeri framleis nybrottsarbeid. Førsdalshallen er det første byggjet i regionen med bærekonstruksjon utført i limtre, og er med sin suksess blitt eit utstillingsvindauge for denne byggjeteknikken. I tillegg har realiseringa av hallen ført til både auka kjennskap og kompetanse på trebyggjeri i regionen, mellom anna hjå bestillarar, rådgjevarar, arkitektar og entreprenørar. Ikkje minst har òg kommunen læra mykje av prosessen. Klimaeffekten frå hallen vil dermed antakeleg verte endå større når nye prosjekt vert utført i limtre eller massivtre med inspirasjon og erfaring frå suksessen til Førsdalshallen.
Utvendig er hallen kledd med malmfuru. Dette er furu med stor andel kjerneved, som dermed er metta med harpiks. Denne mettinga har nærast impregnert veden frå naturens side, og treng ikkje overflatebehandling slik som beising eller maling.

Ein annan fordel med å byggje i lim- og massivtre er at sjølve bygningskroppen reisast av prefabrikkerte element. Dermed tar bygningen form svært fort: Det er berre å setje saman elementa, nesten som å byggje LEGO. Når Førsdalshallen vart bygd tok det kun ni dagar å montere trekonstruksjonen.
Det vart vurdert å fundamentere med lavkarbonbetong, men av omsyn til pris vart dette valt bort. Ettersom hallen elles er utført i tre, utgjorde det liten forskjell for klimaavtrykket til hallen kva for type betong ein nytta i fundamentet. Når pris for material og transport var såpass mykje høgare for lavkarbonbetong, vart det tatt eit val om å ikkje prioritere dette.
Fakta
- Lengde og breidde: 45 m x 25 m
- Hallareal: 1 125 m²
- Bruttoareal (BTA): 1 367 m²
- Byggherre: Fyresdal kommune
- Entreprenør: Skorve Gruppen
- Leverandør, massivtre og limtre: Woodcon AS
- Lagerareal: 100 m²
- Takhøgd: 7 meter
- Medgått trevirke: 170 m³ massivtre og 50 m³ limtre
Finansiering
Hallen har kosta totalt 22,4 millionar kroner eks. mva. Dette er finansiert gjennom:
- Fyresdal kommune: 12,4 MNOK
- Klimasatsmiddel: 0,96 MNOK
- Norsk Tipping: 9 MNOK
Meir om hallen
Dersom du vil vite meir om hallen og prosessen, kan det anbefalast å sjå YouTube-videoen frå hallen:
Fyresdal kommune er òg behjelpelege dersom andre utbyggjarar ønskjer å lære meir om trebyggjeri. Kommunen kan både bidra med erfaring og kompetanse, og dessutan organisere befaring.