Logoen til NTNU Senter for Idrettsanlegg og Teknologi

Så mye energi bruker norske idrettsanlegg

Innlegg fra Ole Øiene Smedegård, NTNU SIAT og Synnøve Andresen Skjelle, ZERO

For første gong har idretten fått ein nasjonal oversikt over energibruken i eigne anlegg, og tala er oppsiktsvekkjande: Idrettsanlegg brukar rundt 4,4 TWh straum i året, nesten dobbelt så mykje som alle datasentra i Noreg, skriv forfattarane.

Gjennom prosjektet «Energismarte idrettsanlegg» har den totale energibruken i norske idrettsanlegg blitt kartlagt av innleggsforfatterne Ole Øiene Smedegård, NTNU SIAT og Synnøve Andresen Skjelle, ZERO. 

Dette har gitt eit unikt innblikk i eit område som tidligare har vore ukjent. 

Samla sett så vert det totale energiforbruket for denne spesielle anleggsgruppa estimert til heile 4,4 årlige terrawattimer. Dette representerer altså ein betydeleg del av den norske forbruket, som vanligvis utgjør mellom 130 og 140 TWh/år.

Eit fokus på energieffektive tiltak i norske idrettsanlegg kan derfor ha ein betydeleg rolle for norske klimamål mot både 2030 og mot 2050. 

Om prosjektet

Prosjektet «Energismarte idrettsanlegg» hadde oppstart i 2023 og har gjennom dei siste 3 åra jobba mot energieffektive tiltak. Prosjektet er finansiert at Sparebankstiftelsen DNB. Fokuset er å samle og formidle alle gode råd og tips til alle dei «lågt-hengande fruktene» innan energieffektivisering. I tillegg har også energibruken i norske idrettsanlegg blitt kartlagt. I dette arbeidet har energirådgjevarane i Hafslund Rådgivning bidrege inn i prosjektet.  

Kartlegging av makroenergi

Gjennom prosjektet "Hafslund Ren Arena" har Hafslund Rådgivning i haust gjort ein større analyse på energiforbruk og sparepotensiale i idrettsanlegg. 

Dette viser at det totale energiforbruket til norske idrettsanlegg er på heile 4,4 TWh/år. 

Til samanlikning, så er dette meir enn strømforbruket i Bergen kommune (3,5 TWh/år), eller strømforbruket til eitt av Europas største aluminiumsverk, Hydros Karmøy (3,4 TWh/år), og nesten dobbelt så mykje som alle datasentra i Norge (2,5 TWh/år). 

Dette viser kor betydelig del av energibruken idrettsanlegg står for, og kor viktig det vil vere å satse på dette framover. Sjå figur 1 for estimert energifordeling i norske idrettsanlegg.

Diagram som viser at det totale forbruket ligger på 4,4 terravattimer årlig, med høyest forbruk i Sør-Norge.
Figur 1 Energifordeling i norske idrettsanlegg. Fordeling over type idrettsanlegg (til venstre) og over landet (til høgre)

For desse 55 000 idrettsanlegga som er inkludert i analysen, så ser ein også at dette har stor betydning for økonomien. 

Denne kostnadsposten er estimert å koste idretten om lag NOK 3,4 milliardar. 

Ved å gjennomføre ein omfattande energisparekampanje i denne sektoren er det berekna at dette forbruket, og dermed kostnaden, kan meir enn halverast (2,2 TWh/år i reduksjon). 

Her er nokre eksempel:

  • Bygningskropp (etterisolering, vindusbytte etc) - 0,7 TWh/år
    • Varmepumper - 0,7 TWh/år
    • Solceller - 0,6 TWh/år
    • LED-lys - 0,2 TWh/år
    • Varmegjenvinning i isanlegg: 0,1 TWh/år

Infrastrukturens kapasitet

Ved å gjennomføre energireduserande tiltak vil ein også avlaste energi-infrastrukturen i Noreg. 

I press-områder, som for eksempel Innlandet, vil ein potensiell reduksjon på 0,7 TWh/år også ha særs positive indirekte følgjer for energiinfrastrukturen.  

Sjå meir på  www.grontlag.no

Her ligg det retteleiarar for ulike anleggstypar samt inspirasjonsvideoar og atiklar frå ulike anlegg som har gjennomført forskjellig energitiltak. 

Kontaktpersoner: