Sandbaner og leikapparat
Havn med aktivitetspark og båter.
Oversikt over skatebane i bakgrunnen er fjorden
Padelbane med tak
Treningsapparat
Gapahuk og bordtennisbord

Ølen Aktivitetspark

Eit bidrag til folkehelsa i Ølen

Ølen Aktivitetspark står fram både som attraksjon, møteplass og aktivitets- og trivselsområde. Aktivitetsparken inneheld mange ulike element. Utforminga er heilskapleg og tilpassa både funksjonsfriske og funksjonshemma. Trass i ein aktiv nordavind er det nesten alltid folk å sjå i parken. Anlegget mottok tilskot frå ordninga for "Nyskapande aktivitetsarenaer" i 2019.

Bakgrunn

Lokalt engasjement

Det har vore eit stort engasjement både i Ølen grendautval og Ølen idrettslag for å legga til rette for aktivitet og gode møteplassar for alle aldersgrupper. Ølen grendautval sende eit innspel til Vindafjord kommune om bygging av ein aktivitetspark tett på det nye kultur- og læringssenteret.

Innspel til parken og type aktivitetsapparat i Ølen Aktivitetspark er først og fremst forankra i Ølen grendautval, men Ølen kulturhus, Vindafjord Arbeidsgjevarforum (VAF) og Ølen croquet- og dugnadsklubb har også engasjert seg i dette prosjektet. Med bakgrunn i totalprisen tok Ølen grendautval kontakt med næringslivet i området og fekk positive tilbakemeldingar om både økonomisk og anna støtte til prosjektet. Prosjektet utvikla seg vidare til eit utvida samarbeid mellom Ølen grendeutval, næringslivet og kommunen.

Det har i prosessen også vore god dialog med Ølen vidaregåande skule. Skulen har idrettsline og ser stor verdi av å kunne nyttiggjera seg aktivitetsapparata i parken. Samarbeidet har også bidrege til at det har kome roanlegg i tilknyting til aktivitetsparken.

Anlegget

Aktivitetsparken ligg i Ølen som er kommunesenteret i Vindafjord. Ølen Aktivitetspark står fram både som attraksjon, møteplass, aktivitets- og trivselsområde. Aktivitetsparken har mange ulike element. Utforminga er heilskapleg og tilpassa bruk både for funksjonsfriske og funksjonshemma. Når det gjeld fokus på folkehelse, bidreg Ølen Aktivitetspark mykje til dette. Området er lyssett på ein stemningsfull måte og det gode lyset inviterer til bruk også etter at det er blitt mørkt. I parken er det og lagt til rette for USB-kontaktar til lading av mobilar og integrerte WIFI-punkt med "repeater" frå Kulturbygget Sjøperlo som ligg like ved.

Aktivitetsområde

Det er god balanse mellom typiske område som stimulerer til eit samlingspunkt opp mot alle aktivitetsapparata. Til dømes ligg padelbane, klatretårn, treningsanlegg og minigolfanlegg tett saman med utbygg med sitteplassar og benker knytt til sandstrand og stupebrett.

Parken er kompakt med nærleik til alle aktivitetane og blir derfor ei oppleving for alle som kjem. Til tross for ein aktiv nordavind er det nesten alltid folk å sjå i parken. 

Ølen Aktivitetspark har desse aktivitetsapparata/områda: 

  • Padelbane  
  • Bordtennisbord 
  • Buldrestein 
  • Klatretårn 
  • Crossfit-anlegg 
  • Treningsanlegg/trampoline 
  • Sandvolleyballbane 
  • Skatebane 
  • Petanquebane 
  • Minigolfanlegg 
  • Utbygg med sitteplassar 
  • 2 stk. lyspakkar 
  • Roanlegg

Les meir om nokon av områda under.

Aktivitetsparken er delt opp i soner for ulik bruk. Utbygget har ein sentral plass for sosialt samvær på dag og kveldstid. Her er det og fastmontert ein solid grill med behaldar for brukte eingongsgrillar. 

Volleyballbane og roanlegg

Det er etablert eit strandområde for bruk som ei vanleg strand, der folk kan bade. Her er og ein sandvolleyballbane med ballnett på 3 sider. Utanfor strandmunningen er det plassert ei brygge i tilknyting til roanlegget som det også er montert stupebrett på. Ein oppnår med dette eit svært triveleg badeområde inkludert strand i Ølen sentrum, noko som har blitt ein ny og etterlengta attraksjon.

Padelbane

Padel er ein sport som liknar tennis/squash og er ein sport som alle aldersgrupper kan ta del i. Ølen kan profilera seg som ein av dei fyrste kommunane som har lagt opp til denne folkevenelege og helsefremmande sporten – ikkje berre med bane, men også med tak over banen for å bidra til bruk sjølv i regnvêr. Interessa for å bruke padelbanen er stor, difor er det nå lagt til rette for å eit bookingsystem, slik at alle får spele. 

Treningsapparat

Det er plassert ulike treningsapparat som alle aldersgrupper kan bruka – klatring, crossfit og lågterskel treningsstasjonar.

Skatebane/betongpark 

Aktivitetsparken har ei flott avdeling der barn og unge kan skate i ein heilstøypt betongbane. Her er det rom for å utvikle skatemiljøet. 

Leikområde

Mot kjernen av parken ved sitteområda finn vi leikeplassen for dei yngre borna. Her er det sandkasse, reile, gravemaskin i tillegg til benk/terrasse for rekreasjon. Sentralt i treningsarealet er det plassert eit større fleirbruksapparat som inviterer til klatring og balansetrening mm. Det er og plassert ei større leikeskute og ein stor buldrestein her, med klatreutfordringar for alle. 

Spel 

Det er sett opp bordtennisbord i betong ved sitteområdet. I utkanten av sitteområdet er det laga til petanquebane. På plenen er det laga til minigolf. 

Drift

Aktivitetsparken er kompakt. Dette er eit godt val med tanke på tal aktivitetar og attraktivitet for alle grupper. Det gir likevel også nokre utfordringar.  Det er mange ulike apparat på lite areal og lite med gangvegar som deler apparatområda frå kvarandre. Det fører til at ein tar snarvegar gjennom blomebed og plenen med minigolf. Grusen som fordeler seg rundt om ved bruk, er ei utfordring og vil krevje ein god del feiing for å kunne halde aktivitetsparken rein og fin.

Desse utfordringane kan løysast ved ei god drifts- og tilsynsordning. Eit utbyggingsprosjekt løyst gjennom samarbeid mellom mange ulike aktørar er ei veldig god og framtidsretta løysing, men gir nokre driftsutfordringar.  Me håpar på å komme fram til gode løysingar om kort tid.

Økonomi og finansiering

Aktivitetsparken har hatt ein kostnad på 10,5 mill. kr. Den er finansiert med 4 mill. kr i spelemidlar frå "Nyskapande aktivitetsarenaer" - i tillegg til tilskot frå næringsliv og kommunen. Aktivitetsparken har inga inntektskjelde då alle apparata i parken er gratis å bruke.

Nøkkelpunkt

Del av eit større prosjekt

Ølen er med i eit eige tettstadprosjekt som har som mål om å skape auka aktivitet, auka handel, felles møteplassar, trafikksikker ferdsel for gang og sykkel, og god folkehelse.

Handelsaktivitet og gode møteplassar har vore den største utfordringa saman med at mange offentlege tilbod har hatt spreidd plassering. Dei siste tre åra har det vore to store byggeprosjekt i Ølen med nytt kultur- og læringssenter og eit stort påbygg til Ølen vidaregåande skule. Ølen aktivitetspark har vore og vil bli eit enda sterkare bidrag (i etterkant av pandemien) til å skape liv mellom nye og gamle funksjonar i sentrum, og gir ein etterlengta ny møteplass.

I vår (2021) blei det utarbeida ein moglegheitsstudie for Ølen sentrum som i stor grad framsnakkar viktigheita av Ølen Aktivitetspark og korleis denne skapar ny aktivitet og nye møteplassar, men og som eit ledd i eit nettverk som bind og styrkar livet mellom husa.

Plassering

Ølen Aktivitetspark ligg fint til, midt i sentrum og nær sjøen med kort avstand til våre nye bygg, til Ølen senter og JoaKari-parken. JoaKari-parken på si side bygger vidare bru inn til Ølen historiske senter og det er blitt etablert ein akse gjennom heile sentrum som skal vidareutviklast i åra som kjem. Aktivitetsparken vender seg mot sjøen og er svært viktig også med tanke på å få tettstaden generelt til igjen å vende seg meir mot sjøen. Aktivitetsparken gir Ølen ei etterlengta strand og denne vesle parken har mange viktige funksjonar for heile tettstaden.

Variasjon

Inne i parken er det varierte aktivitetsapparat som utfyller kvarandre godt, slik at parken kan nyttast av alle. Det er flott å sjå at vaksne og barn som vitjar parken både trenar og leikar side om side. Med sine allsidige apparat vert aktivitetsparken òg mykje nytta av Ølen vgs., som har idrettslinje, og grunnskulen i tillegg til SFO og barnehagen som alle ligg i sentrum.