Forside til spelemiddelrapport 2021

Spelemidler til idrettsanlegg 2021

Rapport frå Kulturdepartementet og Norges idrettsforbund 2021

Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) og Norges idrettsforbund (NIF) og olympiske og paralympiske komité har i samarbeid utarbeidd ein statistikksamling om idrettsanlegg og tilskotsordninga for anlegg for idrett og fysisk aktivitet. KUD og NIF har samarbeidd om å gje ut denne rapporten sidan 2014.

Introduksjon frå rapporten

Samlinga tek for seg tilskotsordninga for idrettsanlegg i kommunane, som blir fordelt gjennom post 1.1 på hovudfordelinga av spelemidlar til idrettsformål. I tillegg kjem det fram nokre tal for tilskot til nasjonalanlegg og Nyskapande aktivitetsarenaer.

Statistikk og data frå idrettsanlegga i Noreg og tilskotsordninga for anlegg for idrett og fysisk aktivitet er etterspurde. Målet for arbeidet har vore å utarbeide ein oversiktleg og grundig gjennomgang av tilskotsordninga og statusen for idrettsanlegga i Noreg og å identifisere sentrale utviklingstrekk.

Rapporten er utarbeidd av anleggsrådgjevar Torstein Busland i NIF og seniorrådgjevar Alice C. Boyd i KUD.

Søknads- og anleggsdataa baserer seg på det statlege anleggsregisteret (www.anleggsregisteret.no) som blir oppdatert av kommunar og fylkeskommunar i samband med tilskotsordninga. Alle data er avhengige av kontinuerleg innrapportering, og avvik kan førekomme. Søknadsdataa baserer seg på tal frå tildelingsåret 2021.

Hovedtal frå rapporten

  • Det blei fremja 3 733 spelemidelsøknader i søknadsrunden for året. Søknadssummen var 6 079 millionar kroner, og tilhøyrande investeringar var 31,6 milliardar kroner. Søknadsbeløpet og tilhøyrande investeringar har aldri vore høgare. Det offentlege, først og fremst gjennom kommunane, står for dei største investeringane og får mesteparten av spelemidlane.
  • Regjeringa sette av 1 569 millionar kroner på post 1.1 i hovudfordelinga. Fylkeskommunen fordeler i tillegg rentemidlar og inndregne midlar frå tidlegare søknadsrundar, slik at det totalt blei fordelt 1 682 millionar kroner til søkjarane. Det har aldri vore tildelt eit høgare beløp.
  • Etterslepet, eller det udekte behovet for spelemidlar, blei for første gong på mange år redusert. Reduksjonen var på 14 millionar kroner, men etterslepet ligg framleis på i overkant av 4,5 milliardar kroner.
  • 1 630 søknader blei fremja for første gong, mens 2 103 søknader er fremja ein eller fleire gonger tidlegare. Søknadssummen for dei nye søknadene var 1 671 millionar kroner, og investeringane var 7,4 milliardar kroner.
  • Spelemidlane dekkjer i gjennomsnitt 21,7 prosent av kostnadene til dei forskjellige prosjekta, men det er store forskjellar mellom dei ulike anleggstypane. Gjennomsnittleg spelemidelandel for dei forskjellige anleggskategoriane er vist på figuren på neste side.
  • 44 prosent av dei nye søknadene for året gjaldt mindre utandørsanlegg og friluftslivsanlegg. Det har vore ein stor auke i talet på nye søknader knytte til desse to anleggstypane dei seinare åra.
  • Heile 77 prosent av investeringane som er frå det offentlege, gjeld idrettshaller og symjeanlegg. Det offentlege har fremja søknader knytte til 19 anleggskategoriar.
  • Statistikk og oversikt over opne anlegg i anleggsregisteret viser at det er stor samanheng mellom tettbygde strøk og låg anleggsdekning. Det må derimot ikkje lesast som om regionar med god anleggsdekning har anlegg lett tilgjengelege for alle. Her vil det ofte vere vesentleg større reiseavstandar.
  • Det er flest anlegg i kategorien friluftslivsanlegg når det gjeld ordinære anlegg, og flest i kategorien mindre utandørsanlegg når det gjeld nærmiljøanlegg.