Oversiktsbilde av Hafstadparken i Førde
Oversiktsbilde Hafstadparken i Førde
Utendørs trimpark
Barn i skatepark
Tre sandvolleyballbaner med høy aktivitet
Fotball i Hafstadparken
Sykkelparkering Hafstadparken
""
Fotball i Hafstadparken
Aktivtetspark med ulike typer husker
Barn med voksen som klatrer i eit nett

Hafstadparken

Finalist i kåringa "Årets idrettsanlegg 2016"

Hafstadparken er eit park- og idrettsanlegg som vart opna våren 2015. Anlegget er eit resultat av eit tett samarbeid mellom Førde Idrettslag og Førde kommune, og er støtta av næringslivet og ei rekke samarbeidspartar. Hafstadparken har saman med nytt klubbhus, tomteverdi og infrastruktur kosta i alt over 110 millionar kroner. Realisering av Hafstadparken hadde ikkje vore mogleg utan den positive interessa og store støtta frå alle bidragsytarar. Parken var finalist i BAD, PARK og IDRETT si kåring "Årets idrettsanlegg 2016".

Bakgrunn

Bakgrunnen skriv seg frå eit ønskje frå mange om å få lagt til rette for aktivitetar av ulike slag i Hafstadparken og vere ein møteplass og park for alle. Førde kommune har hatt som overordna mål å få til ei god involvering og eit nært samarbeid med ulike samarbeidspartar i arbeidet med utvikling og bygging av Hafstadparken.

Anlegget

Kva inneheld anlegget? 

Hafstadparken består av kunstgrasbane, skateanlegg, rulleskiløype, trimløype, sykkelbane, fire sandvolleyballbaner, to tennisbaner, trimpark, «Møteplassen» med eigne baner for handball, basket, bandy/badminton, sitjegruppe, samt buldrestein, i tillegg til parkanlegg med stiar, belysning, møtestader, parkeringsplass for bilar og eigen sykkelparkering. I tillegg har parken klubbhus med garderobar, møterom, kafé og kontor samt ein større barnehage.

Siden parkens åpning i 2015 har det blitt bygga fleire anlegg ved Hafstadparken. Det er mellom anna bygga to tennisbaner. Den første stod klar i 2019. I nordenden av parken er det etablert eit kastebur som også delvis blir brukt som landingsplass for paragliding. Gang- og sykkelvegen som går gjennom parken blir også svært mykje brukt til både jogging og turgåing heile døgnet. Vegen bind også betre saman Førde sentrum med byggefelta aust og nord for sjukehuset. Det er også lagt planar om å bygge ei plastbakke for skihopping.

Her kan du laste ned en pdf-fil med oversikt over anlegget og fakta:

Lokasjon

Anlegget ligg i Førde, fint plassert over elva Jølstra med Førdehuset og stadionanlegga på andre sida. Førde kommune har hatt som overordna mål å få til ei god involvering og eit nært samarbeid med ulike samarbeidspartar i arbeidet med utvikling og bygging av Hafstadparken. Prosjektarbeidet har vore styrt gjennom ein samarbeidsavtale mellom kommunen og Førde Idrettslag. Anlegget har teke 3 år å ferdigstille.

 

Prosessen

Ein folkepark for alle

Vi har heile tida vore oppteken av at dette ikkje er ein einsidig idrettspark, men ein folkepark for alle. Det er avgjerande viktig. Parken speler òg ei regional rolle.

Det er gjort omfattande investeringar i infrastruktur i parken og begge banene har undervarme og tilrettelagt for vatning. Det er etablert lysanlegg rundt heile parken og vi vil fortsette utbygginga med endå betre tilrettelegging for menneske nedsett funksjonsevne m.a. i samband sitjegrupper, tilpassa trimapparat, osb.

God dialog mellom kommune og idrettslag

Utbygging av Hafstadparken er gjennomført i samsvar med inngått samarbeidsavtale mellom Førde idrettslag og Førde kommune av 16.06.11. Avtalen legg til grunn at kommunen skal stå som eigar av Hafstadparken og at utbygginga skal gjennomførast i kommunal regi etter lov om offentleg innkjøp.

Prosessen har vore særs god. Kommunen og Førde idrettslag stod bak satsinga og det vart etablert både ein felles utbyggingsavtale og driftsavtale. Slik sett har det vore eit partnarskap som framleis eksisterer. Dialogen mellom partane har vore heilt nødvendig, og den har fungert som tenkt.

Utfordringar og kva kunne blitt gjort annleis?

Sjølvsagt er det ting ein kunne ha gjort annleis – sett i etterkant. Undervarme i dei to kunstgrasbanene har vore svært utfordrande. Her burde vi hatt meir kompetanse. I dag er det undervarme i eine bana, men i periodar med sterk kulde er det lite berekraftig.

Vi har heldt oss til opphavleg budsjett, men flomgrensa som vart heva noko etter vedtaket om utbygging gjorde det litt utfordrande og resulterte i at deler av parken er heva noko. 

Brukerinvolvering

Det har vore bra involvering. Det gjeld spesielt gjennom idrettslaget. Men også dei ulike brukargruppene har vore involverte i prosessen. Så kan ein sjølvsagt seie dei burde vore endå meir involverte. BMX bana er t.d. lite brukt og burde vore rigga annleis. Men det er det mogeleg å gjere noko med framover.

Andre erfaringer

Intensjonen med parken var å etablere eit tilbod til alle. Det har det langt på veg blitt. Samtidig framstår den kanskje meir som ein idrettspark i dag enn ein folkepark. Fotballen tar mykje av merksemda. Men på den andre sida er det rom for dynamikk, parken vil kunne utvikle seg vidare og ta opp i seg nye tilbod og brukargruppe – etter behov.

Økonomi

Samla utbygging for Hafstadparken kjem på 108 millionar kroner fordelt på 28 millionar kroner for grunnerverv og VA anlegg, 20 millionar kroner til nytt klubbhus (Førde Idrettslag) og 60 millionar kroner til utbygging av aktivitetsanlegga. Spelemidlane inkludert klubbhuset er på 13 millionar kroner, Førde kommune har finansiert nærare 30 millionar kroner (primært i infrastruktur og VA-anlegg), medan private sponsorar, gåver og tilskot frå fylkeskommunen og INU har stått for resten.

Prosjektrekneskapen for Hafstadparken er lagt ved som vedlegg. 

Drift

Det er tilsett eigen banemeister for anlegget. Førde IL har ansvar for utgiftene til straum til lys og undervarme. Førde kommune har ansvar for drifta, men avtalen legg til grunn at det vart etablert ei driftsgruppe med representantar frå idrettslaget, idrettsrådet og kommunen retta mot driftsoppgåver og vedlikehald av både Hafstadparken, grendabaner og Førde stadion. Totalt ligger driftskostnadane på om lag 1 mill. kroner/år.

Nøkkelpunkter

Lokalt samarbeid

Utan lokalt samarbeid ville det ikkje vore mogeleg å få dette til. Partnerskapen mellom kommune og idrettslag var avgjerande. Her er det rom for å utvikle denne måten å arbeide på vidare ved å inkludere nye brukargrupper. Formalisering gjennom eigne avtalar er sentralt.

Demografiske endringar gjer at ein må tenke nytt

Demografisk blir det relativt fleire eldre, og hos oss etter kvart langt fleire eldre-eldre. Dei må ha ein meir tydleg plass når ein skal bygge tilsvarande anlegg framover. Kanskje er det ein kjønnsdimensjon inne i bildet også. Det er mykje gutteaktivitetar her, og ein bør truleg sjå nærare på aktivitetar retta mot jenter. Det er det òg mogeleg å få til når ein skal tenke nytt. Jenter driv til dømes mindre med organisert fysisk aktivitet enn gutane, og det finnes mellom anna markante kjønnsforskjeller i bruk av anleggstyper. Meir om demografiske forskjeller i anleggsbruk kan ein lese om på godeidrettsanlegg.no.