Hafstadparken, Førde

Hafstadparken, Førde

Brukere har vurdert dette innholdet. Vi ville satt pris på din vurdering også. Logg inn og gi din vurdering!


Hafstadparken er eit park- og idrettsanlegg som vart opna våren 2015. Anlegget er eit resultat av eit tett samarbeid mellom Førde Idrettslag og Førde kommune og er støtta av næringslivet og ei rekke samarbeidspartar. Hafstadparken har saman med nytt klubbhus, tomteverdi og infrastruktur kosta i alt over 110 million kroner. Realisering av Hafstadparken hadde ikkje vore mogleg utan den positive interessa og store støtta vi har fått frå alle bidragsytarar.

Eier: Førde kommune
Drifter:  Førde kommune
Anleggstype: Folke- og idrettspark
Areal: 90 dekar
Kommune: Førde
Byggekostnad: 109 million kroner
Driftskostnad: 1 million kroner pr. år 
År: Ferdig 2015

Hafstadparken Førde kommune

Bakgrunn

Hafstadparken ble nominert som ett av årets idrettsanlegg 2016.

Bakgrunnen skriv seg frå eit ønskje frå mange om å få lagt til rett for aktivitetar av ulike slag i Hafstadparken og vere ein møteplass og park for alle. Førde kommune har hatt som overordna mål å få til ei god involvering og eit nært samarbeid med ulike samarbeidspartar i arbeidet med utvikling og bygging av Hafstadparken

Anlegget

Hafstadparken består av kunstgrasbane, skateanlegg, rulleskiløype, trimløype, sykkelbane, fire sandvolleyballbaner , trimpark, «Møteplassen» med eigne baner for handball, basket, bandy/badmintonsittegruppe, samt buldrestein, i tillegg til parkanlegg med stiar, belysning, møtestader, parkeringsplass for bilar og eigen sykkelparkering). I tillegg har parken klubbhus med garderobar, møterom, kafé og kontor samt ein større barehage.

Anlegg i Førde, fint plassert over elva Jølstra med Førdehuset og stadionanlegga på andre sida. Førde kommune har hatt som overordna mål å få til ei god involvering og eit nært samarbeid med ulike samarbeidspartar i arbeidet med utvikling og bygging av Hafstadparken. Prosjektarbeidet har vore styrt gjennom ein samarbeidsavtale mellom kommunen og Førde Idrettslag. Anlegget har teke 3 år å ferdigstille.

Økonomi

Samla utbygging for Hafstadparken kjem på 108 million kroner fordelt på 28 million kroner for grunnerverv og VA anlegg, 20 million kroner til nytt klubbhus (Førde Idrettslag) og 60 million kroner til utbygging av aktivitetsanlegga. Spelemidlane inkludert klubbhuset er på 13 million kroner, Førde kommune har finanisert nærare 30 million kroner (primært i infrastruktur og VA anlegg), medan private sponsorar, gåver og tilskot frå fylkeskommunen og INU har stått for resten.

Drift

Det er tilsett eigen banemeister for anlegget. Førde IL har ansvar for utgiftene til straum til lys og undervarme. Førde kommune har ansvar for drifta, men avtalen legg til grunn at det vart etablert ei driftsgruppe med representantar frå idrettslaget, idrettsrådet og kommunen retta mot driftsoppgåver og vedlikehald av både Hafstadparken, grendabaner og Førde stadion.

Ein folkepark for alle

Det er gjort omfattande investeringar i infrastruktur i parken og begge banene har undervarme og tilrettelagt for vatning. Det er etablert lysanlegg rundt heile parken og vi vil fortsette utbygginga med endå betre tilrettelegging for menneske nedsett funksjonsevne m.a. i samband sittegrupper, tilpassa trimapparat, osb.

Vi har heldt oss til opphavleg budsjett, men flomgrensa som vart heva noe etter vedtaket om utbygging gjorde det litt utfordrande og resulterte i at deler av parken er heva noe. Undervarmen i dei to kunstgrasbanane har vore utfordrande, men vi håper vi skal vere i mål med dette i løpet av 2016. 

Vi har heile tida vore oppteken av at dette ikkje ein einsidig idrettspark, men ein folkepark for alle. Det er avgjerande viktig. Parken speler òg ei regional rolle.

Utbygging av Hafstadparken er gjennomført i samsvar med inngått samarbeidsavtale mellom Førde idrettslag og Førde kommune av 16.06.11. Avtalen legg til grunn at kommunen skal stå som eigar av Hafstadparken og at utbygginga skal gjennomførast i kommunal regi etter lov om offentleg innkjøp. Prosessen har vore særs god.

 

Annen informasjon

136 resultat(er)
Nedenfor vil du finne relatert innhold.
Innholdstype: Aktuelt
Logo Norges Skiforbund

Anleggsnytt fra særforbundene uke 40

Norges Skiforbund skriver på sine nettsider om ny rulleskiløype på Nye Bunes stadion - som klarte kunststykket å koste mindre enn budsjettert!

Innholdstype: Publikasjon

"Eksperter i team": Nyskapende aktivitetsarena i Snillfjord (2019)

Utgangspunktet for dette EiT-prosjektet var å utvikle en aktivitetsarena på Krokstadøra som forbedrer oppvekstsenterets og idrettslagets fasiliteter, legger til rette for fysisk aktivitet for...

Innholdstype: Aktuelt

#påbanen 2018

#påbanen 2018 er en videreføring av fjorårets konkurranse hvor det gis en pengepremie til de fem klubbene som er flinkest til å sørge for at gummigranulatet forblir på kunstgressbanen – og ikke...

Innholdstype: Aktuelt

Aktuelt fra #påbanen - NFF sitt granulatprosjekt

De fem første vinnerne av #påbanen-prisen har blitt kåret. Premieutdelere var Klima- og miljøminister Vidar Helgesen og fotballpresident Terje Svendsen.

Innholdstype: Aktuelt
Illustrasjon av Blåbærhaugen sykkelpark (Dora Galveia, Hipp Hurra AS)

Aktuelt fra Blåbærhaugen sykkelpark i Harstad

I Blåbærhaugen Sykkelpark skal det legges til rette for at små og store i alle aldre og på alle nivå, ut i fra sine forutsetninger, kan drive med sykkel og oppleve idrettsglede, utvikling og mestring...

Innholdstype: Veiledere

Alpinanlegg - Planlegging, bygging og drift

Du finner her en veileder for planlegging, bygging og drift av alpinanlegg, utarbeidet av Kulturdepartementet i samarbeid med Norges Skiforbund i 2011.

Innholdstype: Aktuelt

Anleggsnytt fra særforbundene uke 36

Den siste tiden har mange særforbund kunnet glede seg over nyåpnede idrettsanlegg rundt om i Norge. Her har vi samlet informasjon fra Norges skiforbund, Norges Vannski og Wakeboard forbund og Norges...

Innholdstype: Aktuelt
Collage, logo Norges Skiforbund og Norges Luftsportforbund

Anleggsnytt fra særforbundene uke 42

Norges Luftsportforbund har publisert en ny versjon av Modellflyhåndboka, og Norges Skiforbund skriver om et nytt rulleskianlegg som ligger både i Norge og i Sverige.

Innholdstype: Aktuelt

Åpning av rulleskiløyper på Lygna og i Vikersund

Norges Skiforbund skriver om nye rulleskianlegg på sine nettsider.

Innholdstype: Aktuelt

Åpning av verdens nordligste rulleskianlegg i Hammerfest

Hammerfest kommune har bygget en rulleskitrasé på 2,7 km i Reindalen, og Hammerfest skiklubb har vært med å utvikle anlegget.

Sider